Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Avdeling Valekrossen

På Valekrossen skule er du elev på Kvinnherad vidaregåande skule, men får tett oppfølging og undervisning i små grupper. Tilbodet er tilpassa elevar med psykiske vanskar som treng å fullføre heile eller delar av vidaregåande opplæring. Omfang og innhald i tilbodet kan variera og vi legg vekt på individuell tilrettelegging. Skulen held til i eigne lokaler på Valen sjukehus.

 

Skulen har følgjande tilbod

 

Grunnkompetanse

Dersom du av ulike grunner ikkje får full yrkes- eller studiekompetanse etter vidaregåande opplæring, får du eit kompetansebevis som viser den kompetansen du har fått. Dette kan være aktuelt om du stryk i eit fag, sluttar i løpet av utdanninga eller av andre årsaker har vanskar med å fullføre eit vanleg utdanningsløp. 

Vidaregåande opplæring

1. Ønskjer du ein yrkesfagleg utdanning kan du ta fellesfaga hos oss. Yrkesfaga og prosjekt til fordjuping må du ta anten på Kvinnherad vidaregåande skule eller på ein annan vidaregåande skule.

2. Er målet ditt studiespesialiserande kan du ta fellesfaga pluss påbygg hos oss. Programfaga, utover dei som er nemd under dette punktet, og prosjekt til fordjuping må du ta anten på Kvinnherad vidaregåande skule, ein annan vidaregåande skule eller som privatist. Faga: Visuelle kunstfag (formgjeving) og spansk, samt geografi vert tilbode som programfag avhengig av søkjarmassen.

3. Er du minst 23 år i søknadsåret og ha 5 års arbeidspraksis og / eller vidare utdanning kan du oppnå generell studiekompetanse gjennom å ta dei 7 obligatoriske fellesfaga*: Norsk, engelsk, samfunnsfag, nyare historie, matematikk , naturfag og kroppsøving, samt påbygg i norsk, naturfag, matematikk, historie og kroppsøving. Elevar som ikkje skal har karakter kan følgje einskildfag når/ dersom vi har ledig kapasitet, m.a. i musikk og visuelle kunstfag.

4. Du kan og ta enkeltfag og oppnå såkalla grunnkompetanse.

Søknadskjema Meir om elevinntak

Vil du snakke med oss. Jannice Rasmussen kan svare på det du måtte lure på om dette fagtilbodet

Jannice Rasmussen

Ring 53 47 22 66