Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service og samferdsel

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan service og samferdsel vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje service og samferdsel?

Likar du ein jobb med mykje kontakt med menneske?

  • Vil du ha ein utfordrande og variert jobb?
  • Er du serviceinnstilt?
  • Er du interessert i korleis ein kan etablera si eiga bedrift?

Dersom du svarar ja på desse spørsmåla, kan studieretning for Service og samferdsel vera aktuelt for deg

Service og samferdsel er ei yrkesutdanning som fører fram til fagbrev innafor 8 ulike yrke med 2 års utdanning i skule og deretter 2 års læretid i bedrift. Det er val av opplæringsbedrift som vert avgjerande for kva type fagbrev du får. 

Søk opptak

Kva kan du verta?

Det er stor mangel på terminalarbeidarar og sjåførar både til trailerar og bussar. På Os vgs kan du ta 3.året i yrkessjåførfaget og få høve til å ta sertifikat for tunge køyretøy (lastebil). Vilkåra er at du har førarkort klasse B og kontrakt om lærlingeplass og tilfredsstiller helsekrav for førarkort i klasse C og CE (lastebil, ev. med hengar). På Os vgs kan du ta 3.året i yrkessjåførfaget og få høve til å ta sertifikat for tunge køyretøy (lastebil). Vilkåra er at du har førarkort klasse B og kontrakt om lærlingeplass og tilfredsstiller helsekrav for førarkort i klasse C og CE (lastebil, ev. med hengar).  

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Programfag 17 17
Prosjekt til fordjupning 6 9

Første året

_MWF7986.jpg

Vg1 Service og samferdsel

Teoretisk yrkesfagleg linje - vi har ikkje verkstad på skulen!

Teoretiske verktøy ( læra om å drive bedrift, salg og service, prissetjing av produkt, rekneskap)

Fokus på å anvende teorien i praksis på "case"

Mykje skriftleg arbeid og arbeid med tal.

Presentasjonar og gruppearbeid

Andre året

TraLo_2.jpg

Vg2 Sal, service og sikkerheit

På VG2 har elevane 9 t/v med fellesfag, 17 timar med programfag og 9 timar med prosjekt til fordjuping.  I programfaga vert dei emna ein hadde i Vg1 vidareført og utdjupa og ein får dessutan eit nytt programfag i Tryggleik som særleg siktar seg inn mot vektaryrket.   Også dette skuleåret vert elevane utplasserte i bedrift ein skuledag for veka som ein del av faget prosjekt til fordjuping. 

Vg2 Transport og logistikk

Den vanlege vegen fram til Vg2 er via Vg1 Studieretning for Service og samferdsel, men du kan også begynna i Vg2 viss du har gått på Teknisk og Industriell produksjon (TIP) i Vg1.

Har du gått Vg1 Service og samferdsel, har du høve til å etablera eige transportfirma etter at du har teke fagbrev. Dei som har Teknisk og Industriell produksjon i Vg1, må ta ekstra fag viss dei vil etablera eige transportfirma. Du får høve til å ta trucksertifikat som ein del av utdanninga og du kan då køyra truck på terminalar og lagerplassar. 

Elevane er utplasserte i bedrift 2 dagar i veka i faga Prosjekt til fordjupning og Bransjelære. Her får du og bedrifta bli godt kjende og det er eit godt utgangspunkt for læreplass etter 2. året. Skulen har avtale med fleire store bedrifter i regionen.

vegen vidare

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under. Fleire av våre elevar får læreplass i bedrifter der dei har vore i Prosjekt til fordjuping på Vg2 dersom du gjer ein god innsats.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24. 

Bli lærling Søk læreplass

Ta kontakt

Avdelingsleiar Profilbilde av Grethe Hagenes

Grethe Hagenes

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Hilde Fiske Hugaas

Hilde Fiske Hugaas

Send e-post