Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internasjonal vgs i Wales

Elevar som tar VG1 på studiespesialiserande utdanningsprogram dette skuleåret, kan ta Vg2 i Storbritannia neste skuleår.

Ordninga går ut på at 16 elevar frå Hordaland går på skule i Wales i eit heilt skuleår. Der får dei plass på ein av dei fem samarbeidsskulane som Hordaland fylke har i og omkring Cardiff. Skuleåret tel som Vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering. Etter året i utlandet kjem elevane tilbake til  norsk vidaregåande skule, og går inn i Vg3. På Facebook ligg ei gruppe som heiter "Info om utvekslingsår i Wales for VG1" - Tidlegare elevar skriv om sine røynsler, og du kan ved å melda deg inn i den gruppa, stilla spørsmål mm.

Cardiff slott.png


Elevar som nyttar seg av denne ordninga, kan såleis gjennomføra den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra - samstundes som dei skaffar seg verdfull internasjonal studieerfaring.

 

Elever i Cardiff.png

Dette studietilbodet er ein eineståande sjanse for Hordalands-elevar, men det er krevjande, og stiller store krav både til elevane sine evner til omstilling og til sjølvstendig, målmedvite arbeid.

Reise:

 Omkring 1. september reiser elevar og kursleiar saman til Cardiff. Reisa går med fly via Amsterdam. Kursleiar ordnar det praktiske med denne reisa, og med heimreisa til jul. Til reiser elles i skuleåret må elevane ordna med billettar sjølv.

Korleis søkjer du:

 Elevar som søkjer plass på dette studietilbodet, skal søkja på vanleg måte gjennom fellesinntaket innan 1. mars. Dei må setja Vg2 i Wales opp som førstevalet sitt. Dersom dei søkjer, men ikkje blir tatt opp, vil andrevalet deira gjelda.

I tillegg skal dei fylla ut eit eige søknadsskjema. Dette skal sendast i papirversjon direkte til Knarvik vidaregåande skule. Inntaket av elevar blir gjort av Kursleiaren i samarbeid med representantar for skulane i Wales. I samband med inntaket vil kvalifiserte søkjarar bli kalla inn til eit intervju som går for seg på engelsk. 

Søknadsskjema

Vitnemål:

 Etter skuleåret i Storbritannia vil kvar elev få ei stadfesting av skulegangen i utlandet frå Knarvik vidaregåande skule. Etter fullført Vg3 vil elevane få vitnemål for fullført vidaregåande opplæring i samsvar med dei reglane som gjeld for godkjenning av eit skuleår i utlandet.

Informasjon om skulane:

Ein av samarbeidsskulane våre, Barry Comprehensive, ligg i byen Barry, omlag 15 km frå Cardiff. Dei andre skulane er spreidde rundt om i Cardiff.

Informasjon om skulane finst m.a. på desse nettadressene:

Barry Comprehensive School: http://www.barrycomp.com/

Cardiff and Vale College: http://www.cavc.ac.uk/en/

 Whitchurch High School: http://https://nb-no.facebook.com/WhitchurchHS/

Fitzalan High School: http://www.fitzalan.cardiff.sch.uk/

St. Teilo’s: http://www.stteilos.com/

 

Meir informasjon? Sjå informasjonsbrosjyre.