Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søker læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Elektrofag?

Vel du elektrofag, opnar det seg ei verd av gode karrieremuligheter innanfor yrker for installasjon og vedlikehold av elektriske og elektroniske systemer.

Du bør ha evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og trygt. Du vil lære å tenkje logisk og kreativt, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikla nye produkter.

Søk opptak

Kva kan du verta?

Når du vel elektrofag har du ei heil rekkje mogelegheiter. Du kan t.d. verta elektriker, energimontør, automatiker, tavlemontør, heismontør, flymekaniker og kulde- og varmepumpemontør.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Programfag 17 17
Prosjekt til fordjupning 6 9

Første året

Elektro_4.jpg

Vg1 Elektrofag

Vg1 Elektro  gir deg kompetanse til å søkja vidare på ei rekkje Vg2 kurs.

Du lærer å byggja stereoforsterkarar, montera lys og varme, antenneanlegg, porttelefonar, brannalarmanlegg og ringeanlegg. Du lærer å kopla automatiserte motoranlegg og bruka simuleringsprogram på pc.

Andre året

Elektro_7.jpg

Vg2 Elenergi

I Vg2 Elektro lærer du om bustadinnstallasjonar, du installerer brann- og tjuverialarmanlegg, monterer radio og tv-antenner og stiller inn parabolanlegg.

Du lærer å styra motorar, bruka PLS/PC til å styre automatiserte anlegg og å regulera prosessar i eit anlegg. Du lærer vidare teori om korleis ein produserer elektrisk energi i ein kraftstasjon og korleis ein fører den fram til brukaren.

Vegen vidare

 Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24. 

Bli lærling

 

Søk læreplass

ta kontakt

Avdelingsleiar Profilbilde av Rune Nesse

Rune Nesse

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Eili Kristin Torpe Bødal

Eili Kristin Torpe Bødal

Send e-post