Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Design og handverk

Design og handverk er ei yrkesfagleg utdanning. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære eller ta læretida på skule. Du kan òg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Design og handverk?

Er du kreativ og glad i å arbeide med hendene? På design og handverk får du jobbe med tradisjonsrike handverksfag heilt frå idé til ferdig produkt.

Utdanningsprogrammet passar for deg som likar å arbeida med ulike materiale og teknikkar og har lyst til å utforska nye idear og design.

Søk opptak

Kva kan du verta?

Programfaget leier til mange yrker og vidare studie som til dømes frisør, blomsterdekoratør, kostymesyer, skredder, møbeldesigner, interiørdesigner og gullsmed.

Med fagbrev kan du arbeide innanfor ei rekkje yrke. Dette og meir finn du informasjon om på vilbli.no.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Dokumentasjon og kvalitet 5 0
Produksjon 12 0
Produksjon og materialer 0 12
Design og produktutvikling 0 5
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

_MWF8262.jpg

 Vg1 Design og handverk

Dette er eit utdanningsprogram som fører fram til mange interessante og kreative yrke. Du får arbeida mykje praktisk med form og farge i ulike material og teknikkar (tekstil, tre/metall, keramikk, naturmaterial, plast  m.m. ). Du lærer å planleggja og designa.

Alt første året skal du få høve til å arbeida med det du er mest interessert i og kan tenkja deg å utdanna deg til t.d. interiør/utstillingsdesignar, frisør, blomsterdekoratør, skreddar/kjole- og draktsyar, barne- og ungdomsarbeidar m.fl.  Du lærer mykje om form og farge.  Du arbeider ofte med oppdrag ut frå eit gitt tema der du sjølv bestemmer produktet ut frå interessefeltet ditt.   

I faget prosjekt til fordjuping får du vera ute i bedrift og prøva deg i eit lærefag t.d. frisør, blomsterdekoratør, interiørkonsulent, utstillingsdesignar, barne- og ungdomsarbeidar, designar og mange andre yrke.

Andre året

_MWF8242.jpg
_MWF8275.jpg

 Vg2 Design og tekstil

Du får fagleg kompetanse innan tekstilfaga som kle, kostymar, bunadar, sko, møblar og interiørprodukt. Gjennom skuleåret får du eksperimentera med mange teknikkar, material og verktøy. Du får opplæring i bruk av symaskin og overlockmaskin. Strikkemaskin har du også høve til å bruka.

Det vert arrangert turar/ekskursjonar  til Bergen med fagleg  innhald. Då besøkjer ein tekstilbedrifter som Oleana, tekstildesignarar, kostymeavdelinga på den Nasjonale scene eller innkjøp av material på Stoff & Stil .

Produkta elevane lager kan vera til seg sjølv eller til andre. Av og til får ein oppdrag utanfrå som blir utført i nært samarbeid med kunden. Utstillingar vert presenterte på skulen.

For å bli kjend med ulike yrke som tekstil og design fører til, får elevane høve til å vera utplasserte på arbeidsplassar i regionen gjennom skuleåret.

Elevar frå design og tekstil kan også søkja om stipend til utveksling i utlandet. 

Vg2 Interiør og utstillingsdesign

I programfaga produksjon og produktdesign på vert det lagt vekt på kreative idèfasar i praktisk arbeid med ulike materialer, reiskaper og teknikker.

Du skal blant anna læra å teikne perspektiv, aksonometri, læra geometri og teknisk teikning. Lage farge- og belysningsplan av rom og eksperimentere med lys i rom. Læra om trendar og stilar i ei stilhistorisk samanheng. Teikne og lage forslag til to- og tredimensjonale utstillingar. Designa og laga modellar til rom, hus, møblar, komponentar og utstillingar. Laga innreiingsforslag til hybel, kjøkken, bad og offentlege rom. Utarbeida presentasjonsteikningar av løysingsforslag med skriftleg skildring og produktkart.

I programfaget prosjekt til fordjuping får du mogelegheit til å prøva ut aktuelle lærefag innan relevante utdanningsprogram. Faget gir deg opplæring i aktiv deltaking i planlegging, gjennomføring og vurdering undervegs, for at du skal få erfaring med dokumentasjonsarbeid og trening i eigenrefleksjon. Ved å vera utplassert i bedrift får eleven erfaring med innhald og arbeidsmåtar i yrket.

 

Vegen Vidare

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24. 

Bli lærling Søk læreplass

ta kontakt

Avdelingsleiar Profilbilde av Patrick DIncan

Patrick DIncan

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Eili Kristin Torpe Bødal

Eili Kristin Torpe Bødal

Send e-post