Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Bygg- og anleggsteknikk?

Er du eleven som vil arbeide praktisk? Bruke hendene dine til å skape noko?  Drøymer du om å verta tømrar, malar, murar, rørleggjar, blikkenslager? Då må du sjekke ut tilboda på Bygg- og anleggsteknikk. Programfaget legg vekt på praktiske aktivitetar, og det er viktig å ha eit godt handlag og praktisk sans.

Du bør vera sjølvstendig og nøyaktig og ha gode fysiske eigenskapar og vera uthaldande. I mange tilfelle vert det krevd at du kan arbeida godt i team.

Søk opptak

Kva kan du verta?

Ved å velja Bygg- og anleggsteknikk kan du få ulike jobbar innan Bygg- og anleggsteknikk. Det kan vera husbygging, bygging av vegar, flyplassar, vatn- og avløpsanlegg, anlegg for energiproduksjon, bygging av oljeinstallasjonar med meir.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 VG3 Påbygg gen. stud.komp
Sum timetall per uke 35 35 34
Norsk 2 2 10
Engelsk 3 2 0
Matematikk 3 0 5
Naturfag 2 0 3
Samfunnsfag 0 3 0
Nyare historie 0 0 4
Kroppsøving 2 2 4
Uavklart 0 0 8
Felles programfag 17 17 0
Prosjekt til fordjuping 6 9 0

Første året

Bygg_2.jpg

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

 

På Vg1 lærer du mellom anna grunnleggjande teknikkar, gode arbeidsvanar og evne til samarbeid. Kvalitet og tryggleik er sentralt i undervisninga.

På Vg1 får du grunnleggjande opplæring og mogelegheit til å prøve ut ulike sider av bygg- og anleggsyrka. Dette skjer gjennom fleire ulike moduler. I andre halvår vel du fordjupningsmoduler og får dermed fordjupa deg i lærefag som interesserer deg mest. Denne opplæring skjer i bedrift. Ein stor del av opplæringa er praktisk retta etter PPD-modellen. Det vil seia at du planlegger eit arbeid, produserer det du har planlagt og dokumenterer det du har gjort. I mange tilfeller arbeider du tverrfagleg, t.d. kan dokumentasjonen du skriv foregå i norsktimane.

Andre året

_DSC3264.jpg

Vg2 Byggteknikk 

På Vg2 Byggteknikk får du opplæring innan fire fagområder:

  • Tømrerfaget
  • Murerfaget
  • Betongfaget
  • Stillasbyggerfaget

I "Prosjekt til fordjupning" vel du å fordjupa deg i eitt av fagområda. Skulen har eit godt samarbeid med næringslivet i regionen. Delar av den praktiske undervisninga vert lagt til byggjeplassar. 

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar. Undervisninga vekslar mellom teori, praksis og bruk av IKT i  tråd med moderne læringsprinsipp.

VEGEN VIDARE

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24. 

Bli lærling

 

Søk læreplass

tA KONTAKT

Avdelingsleiar Profilbilde av Patrick DIncan

Patrick DIncan

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Eili Kristin Torpe Bødal

Eili Kristin Torpe Bødal

Send e-post