Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Føresette

Praktisk informasjon om fråværsrutiner, skulereglement, vurdering, muligheit for foreldrepålogging i skolearena og kalenderinformasjon.

Informasjon om fråvær

Eleven er pliktig å melde frå om fråvær same dag. Dette kan eleven gjere ved å sende ei melding til sin kontaktlærer på Its learning, bruke kontaktlærars epost eller SMS dersom kontaktlærar har avtale om dette.

Skal eleven søkje seg fri?

Foreldre og føresette kan sende ein kortfatta søknad til kontaktlærar dersom ein planlegg å vere vekke frå skulen av ulike grunnar. For planlagt fråvær som varer meir enn ein dag vil avdelingsleiar behandle søknaden. Skulen innvilgar vanlegvis ikkje permisjonar for fråvær grunna feriereiser.

 Skjema for søknad om permisjon frå skulen

 Skjema for varsel om planlagt fråvær

 Skjema for avtale om sjølvstendig studiearbeid

Informasjon og søknadsskjema om fråtrekk 10 dagar

Foreldresamarbeid

Skulen skal sørgje for samarbeid med heimen. Foreldresamarbeid skal bidra til eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er viktig for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring.

Felles ordensreglement gjeld for dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Dokumentasjon av opplæringa

Klage på vurdering

Informasjon om vurdering

Som føresett kan du få tilgang til alle vurderingar som vert lagt inn av faglærar i det enkelte fag i Skulearena. Dette gjeld for elevar som er under 18 år.

UNGDATA-undersøkinga 2017

Knarvik vidaregåande skule skal 29. og 31. mars gjennomføra UNGDATA-undersøkinga. «Undersøkelsen innebærer at skoleelever på ungdomstrinnet og i videregående opplæring svarer på spørsmål om ulike sider ved livet sitt. Undersøkelsene foregår i skoletiden og gjennomføres elektronisk. Ungdata dekker helheten i ungdoms liv og omfatter et bredt spekter av temaområder (foreldre og venner, skole, lokalmiljø, fritidsaktiviteter, helse og trivsel, rusmiddelbruk, risikoatferd og vold).»

Undersøkinga er anonym og elevane svarer ved å logga seg på med eit tilfeldig brukarnamn på internett.

Vi ber elevar og føresette om å lesa meir om undersøkinga under: