Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Elevinspektør, studieinspektør, rådgjevarar og helsetenesta samarbeider for at du skal trivast og ha god helse! Me hjelper deg med tilrettelegging av undervisning, og gir rettleiing innan utdanning - og yrkesval.

Treng du hjelp med noko?

Elevinspektør

Elevinspektøren er bindeleddet mellom elevane og leiinga ved skulen. Elevinspektøren har faste møte med elevrådet og ser til at elevane sine innspel både fagleg og sosialt vert tekne hand om. Han er også kontaktperson for russen.

 

Elevinspektør Profilbilde av Jan Erik Espelid

Jan Erik Espelid

Send e-post

Rådgjevartenesta

Du kan ta kontakt direkte med rådgjevar for rettleiing og støtte i skulekvardagen. Rådgjevarane kan hjelpe deg i spørsmål om val av fag og utdanning.

Rådgjevarane samarbeider tett med kontaktlærar, faglærarar og avdelingsleiarane. Ved behov kan dei også ha samarbeid med føresette til elevar som er under 18 år.

Rådgjevarane kan også gi sosialpedagogisk hjelp og rettleiing med personlege problem og utfordringar i kvardagen. Dei har tett kontakt med OT/PPT og andre offentlege instansar og kan formidle kontakt med dei.

Rådgjevarane har teieplikt.

Rådgjevar påbygg, studiespesialisering, service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon, Taf-elektro, Taf-tip Profilbilde av Hilde Fiske Hugaas

Hilde Fiske Hugaas

Send e-post

 

Rådgjevar studiespesialisering, byggfag, elektro, design og handverk, helse, Taf-bygg, Taf-helse Profilbilde av Eili Kristin Torpe Bødal

Eili Kristin Torpe Bødal

Send e-post

 

Rådgjevar tilrettelagt opplæring Profilbilde av Ingeborg Sunde Møvik

Ingeborg Sunde Møvik

Send e-post

Skulehelsetenesta

Helsesøstrene har kontor både på Juvikstølen og Kvernhusmyrane. Her kan ein ta opp ulike emne som til dømes:

  • Prevensjon/ seksualitet
  • Uro
  • Vonde opplevingar
  • Rus
  • Andre helsespørsmål

Tilbodet er gratis. Vi har teieplikt.

Opningstider:

På Stølen: ”open dør”, dvs. utan timebestilling for alle elevar ved skulen: alle dagar 8:30 - 14:00

På Myra: Kvar mandag. Torsdag i partalsveker.
(grunna møteverksemd vil vi gjerne ha avtale i forkant, send sms)

            Mette Haukås 452 50 251         

            Sissel Hatlevik 916 49 408

Helsesøster Profilbilde av Mette Haukaas

Mette Haukaas

Send e-post
Helsesøster Profilbilde av Sissel Helen Hatlevik

Sissel Helen Hatlevik

Send e-post

Elevrådet

Elevrådet  er representert med ein elev frå kvar klasse.

Er det noko du ønskjer å endra på skulen, kan du ta det opp som ei sak i  elevrådet. Vil du bidra til å laga eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som tillitsvald i klassen, i ein komite, eller berre ved å vere ein god medelev!

LÅN OG STIPEND

Er du elev og har ungdomsrett, kan du få utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet uansett hvor mye foreldrene dine tjener.

Du bør søkje snarast etter opptak i juli. Står du på venteliste bør du vente til endeleg opptak. Søknadsfristen er 15. november. For kurs som startar 1. oktober eller seinare er søknadsfristen 15. mars.

Logg inn på Lanekassen.no og gå deretter til Dine sider. Her treng du MinID eller BankID.

Foreldreinntekta avgjer om du får støtte og kor mykje støtte du får. Dei som er bortebuarar og er "rettselevar" vil få bortebuarstipend. Alle kan og søkje om utstyrsstipend (gjeld ikkje lærlingar og elevar utan ungdomsrett).