Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internat

Dei fleste av elevane på Hjeltnes bur på internat på skuleområdet.  Å bu på internat er for mange den fyrste erfaringen med å bu for seg sjølv. Det er sosialt og trivelig å bu på internat, samstundes som det gjev elevane høve til å klare seg sjølve i trygge råmer.

To internat

Skulen har to internat for elevane med til saman 46 rom. Det største internatet med 30 rom ligg fint til i parken, nær undervisningsbygget og administrasjonen. Det minste internatet med 16 rom ligg meir for seg sjølv med flott utsikt over bygda og fjorden.

Innhald

Internata på skulen har einerom som er utstyrde med vask og enkel møblering. Det er felles toalett og dusj på kvar gang. Kvart internat har kjøken med kvitevarer, TV-stove og vaskerom med vaskemaskin til felles bruk. Elevane har og eige trimrom til disposisjon. På internatet er det tilgang til trådlaust nettverk på alle rom.

Pris og praktisk informasjon

Pris for hybel og kost på internatet er for heile  skuleåret 2015/2016  kr 52 000.
På internata er det tilsett nattevakt og miljøkontakt som er der for elevane. Internatet er stengt i gjennomsnitt annakvar helg gjennom skuleåret.

 

Bilete frå innemiljøet:

Stova på internatet

Kjøkkenet på internatet