Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Naturbruk

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 2 år på skule, og deretter ta fagbrev. Du kan òg gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Gartnarutdanning på deltid

Me tilbyr samlingsbasert gartnarutdanning på deltid for vaksne.
Det vert opptak til Vg 2 Landbruk og gartnarnæring våren 2017, med oppstart august 2017, med atterhald om at tilbodet kan verte flytta skuleåret 2018-19.

Fyrste året:

  • Vg2 Landbruk og gartnarnæring, med vekt på gartnarfag 

Andre året:

  •   Vg3 Gartnarnæring

Søknadsfrist 1. juni

Søknadskjema (.doc) Søknadsskjema (.pdf)

Kven høver det for:

- vaksne som ønsker seg inn i eit praktisk yrke
- vaksne som ønsker fagleg kunnskap om planter og planteproduksjonar
- vaksne som overtek ein gard med hagebruksproduksjon
- vaksne som arbeider i hagesenter

Inntakskrav:

Inntakskrav er Vg1 Naturbruk eller tilsvarande / realkompetansevurdering.
Har du anna vidaregåande utdanning og er over 20 år kan du og søke. Vi prioriterer inn søkarar med relevant praksis.

Praktisk informasjon

Første året

_MWF7646.jpg

Produksjon og tenesteyting

I dette faget får du lære det grunnleggjande innan plantedyrking. Du lærer om systematikk, morfologi, planteanatomi, plantefysiologi, jordlære, gjødsling, formeiring, hausting, kvalitet osv. Du skal innom dei ulike kulturane som fruktdyrking, grønsakdyrking, veksthusproduksjon og planteskule. I tillegg vert det noko opplæring i maskinbruk.

Forvaltning og drift

Dette faget omfattar økologi, natur og næring, forvalting og bedriftsøkonomi. 

Yrkesfagleg fordjuping

I dette faget kan du fordjupa deg i det du er mest interessert i innan gartnarnæring. Det meste av dette faget vert difor knytta til praksis innan eit emne, minst 2 veker. I tillegg skal praksisen dokumenterast i ei prosjektoppgåve. Du får rettleiing undervegs i prosjektet ditt.

Andre året

_DSC2532.jpg
DSC_0235.JPG

Planteproduksjon

Programfaget omfatter konvensjonell og økologisk produksjon av planter og planteprodukter på friland, på karplanteplassen og i regulert klima. Det inkluderer livsprosesser i planter og betydningen av ulike vekstfaktorer. I programfaget inngår plantevern, dyrkingsmedier, regulering av vekstfaktorer og optimalisering av utbyttet. Programfaget omfatter bygninger, tekniske installasjoner, maskiner, redskaper og utstyr og helse, miljø og sikkerhet.

Plantebruk

Programfaget omfattar plantekjennskap og bruk av planter og planteprodukt som næringsmiddel og i tilknyting til kultur- og opplevingsaspekt. Programfaget omfattar samanhengen mellom planter og planteprodukt og menneskets helse og trivsel. I programfaget inngår plantenes eigenskapar, kvalitets- og miljøkrav og bruk og vedlikehald av eit større tal planteslag både ute og inne.

Omsetning

Programfaget omfattar planlegging og sal av gartnartenester og gartnarprodukt til kundar. I dette inngår presentasjon av varer, val av emballasje, kundebehandling og kommunikasjon med samarbeidspartnare. Programfaget omfattar også lagring, pakking, transport og handel med planter og planteprodukt. Rammevilkår for gartnarnæringa og tilhøyrande nasjonalt og internasjonalt regelverk inngår i hovudområdet.

Gartnarbedrifta

Programfaget omfattar heilskapen i en gartnarproduksjon der planlegging og dokumentasjon står sentralt.  Etablering, drift og vidareutvikling av næringen med nye produkt og tenester inngår. Programfaget omfattar samanhengar mellom innsatsfaktorar, arbeidsmetodar og effektivitet og strukturen i en bedrift og bedriftas økonomi. Programfaget dekker også samanhengar mellom yrkesutøvelse og natur- og arbeidsmiljø, normer i arbeidslivet og regelverk.

Meir informasjon

Avdelingsleiar Profilbilde av Andrid Solaas Innset

Andrid Solaas Innset

Send e-post