Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om skulen

Hjeltnes vidaregåande skule er ein tradisjonsrik skule som ligg i naturskjønne Ulvik i Hardanger. Me har vidaregåande utdanning innan naturbruk, anleggsgartnarfaget og blomsterdekoratørfaget. I tillegg har me fagskuletilbodet arborist og vaksenopplæring innan gartnarfag.

Informasjon om skuleområdet

På Hjeltnes har me veksthus, planteskule, frukthage, park og idrettsanlegg som fungerer som praktiske klasserom for elevane. I tillegg har me også ein stor verkstad og ein anleggsgartnarhall der elevane kan ha praktiske øvingar heile året.

I tunet ligg raudebygningen der ein finn kantina og dei fleste klasseromma som vert nytta til teoriundervisning. Ved sidan av ligg gulebygget der ein finn biblioteket, trimrommet og klasserommet som vert nytta til vaksenopplæring og fagskule.

raudebygget.JPG

Hjeltnes kompetansesenter

Hjeltnes kompetansesenter er ei avdeling ved Hjeltnes vidaregåande skule, med ansvar for kurs- og oppdragsverksemd, vaksenopplæring og fagskuletilbodet arborist.
Kompetansesenteret starta opp i 1996, under namnet Grønt kompetansesenter.

Vi arrangerer korte kurs og fagdagar, i første rekke for dei næringane vi utdannar til; gartnar-, anleggsgartnar- og blomsterdekoratørnæringa.

Administrasjon

Administrasjonen på Hjeltnes har kontora sine i Kvitebygningen, der også lærarane har sine kontor.

Rektor Profilbilde av Gunnbjørg Øyre

Gunnbjørg Øyre

Send e-post
Elevinspektør/ Avd.leiar Profilbilde av Håkon Gjerde

Håkon Gjerde

Send e-post
Avd.leiar - Kompetansesenteret Profilbilde av Andrid Solaas Innset

Andrid Solaas Innset

Send e-post

Bibliotek

Hjeltnes vgs har eit rikhaldig bibliotek som ligg i underetasjen på gulebygget.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta kan hjelpe deg med både praktiske og personlege vanskar.