Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internasjonalisering

Kvart år reiser elevar frå Hjeltnes på utveksling til Slovenia og Nederland.

Erasmus+

Erasmus Mobilitet er eit utvekslingsprogram som er retta mot fag- og yrkesopplæring i Europa og går ut på at elevar og lærlingar kan få eit praksisopphald i verksemd eller institusjon i eit anna europeisk land. Målet med programmet er mellom anna å gjere fag- og yrkesopplæring meir attraktiv og relevant ved auka internasjonal kompetanse både når det gjeld fag, men også når det gjeld språk og kultur.

Utplassering i Nederland

Elevane på Vg2 Anleggsgartner- og idrettsanleggfag har høve til å verta utplassert i anleggsgartnarverksemd i Nederland. Der får dei relevante  og varierte arbeidsoppgåver i parkar, hagar og andre grøntanlegg. Det å vera ein del av eit arbeidsmiljø i eit anna land er ei spannande utfordring som gjev auka forståing. Me har sendt elevar til Nederland i mange år og elevane er svært nøgde med opphaldet sitt der.

Utplassering i Slovenia

Elevane på Vg2 Blomsterdekoratør har høve til å verta utplassert ved skulen Bio Technical Center i Naklo, Slovenia. Der får dei fylgje undervisninga innanfor sine programfag, i tillegg til at dei vert utplassert i butikkar. I løpet av opphaldet får elevane også reise rundt for å sjå og oppleve natur og kultur i Slovenia. Les meir om skulen på heimesida deira.