Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elev på Hjeltnes

På denne sida finn du informasjon om korleis det er å vera elev på Hjeltnes.

Praktisk informasjon til foreldre

Startsamtale: Dette er ein samtale som kontaktlærar har med elevane første skuleveka. Då ynskjer vi å få vite meir om eleven sin motivasjon, deira sterke og svake sider, interesser, eventuelle lærevanskar og sosiale problem. Di meir vi veit om elevane tidleg i skuleåret, di betre kan vi følgje opp kvar enkelt elev seinare. Dette gjeld både reint fagleg og på område som har å gjera med trivnad og sosial tilpassing.

Foreldremøte: Hjeltnes vgs har foreldremøte i slutten av september på kveldstid. Då vert alle foreldre/føresette inviterte til skulen og dei får ein samtale med kontaktlærar. Faglærarane er også tilgjengelege for samtale dersom det er ynskjeleg.

Vakttelefon: Du kan nå nattevakta på telefon 95218430 mellom kl 22.00 og 06.00 vanlege skuledagar. I helger når internatet er ope, har nattevakt telefonen med seg heile tida. Elevane vert bedne om å legga telefonnummer til vakta inn på mobilen sin. Du kan og kontakte elevinspektør direkte på telefon 90130193.

Stipend: Bortebuarstipend for skuleåret 2014-2015 er kr 4068,- pr. månad. Utstyrsstipend: naturbruk/ anleggsgartnar kr 2095, blomsterdekoratør kr 3500. Grunnstipend og studielån er behovsprøvd.

internat_ute.jpg

Ynskjer du å bu på internat?

Dei fleste av elevane på Hjeltnes bur på internat på skuleområdet. Det er ein trygg og sosial plass å bu medan ein er elev på skulen. For meir informasjon om internatet og korleis det er å bu der kan du ta kontakt med elevinspektør Håkon Gjerde.

Les meir om internat
ro_bakside.jpg

Fritidsaktivitetar

Som elev på Hjeltnes er du del av eit sosialt og godt samansveisa miljø som finn på mykje artig i lag. På kveldane er det miljøfagarbeidar til stades på internatet og kan hjelpe elevane i gang med ulike aktivitetar.

Sjå fritidstilboda her

Elevråd

Elevrådet på Hjeltnes representerer elevane i fleire utvalg, og arrangerer ulike hendingar for elevane.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta kan hjelpe deg med både praktiske og personlege vanskar.