Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ledige stillingar

hjeltnestunet.jpg

Det er no ledig fleire varierte og spennande stillingar på Hjeltnes vidaregåande skule.

 

Introduksjonsprogram for flyktningar på Hjeltnes

Hjeltnes vgs vil starta opp med Introduksjonsprogram for flyktningar frå hausten. Me søkjer difor etter lærarar til å undervisa i norsk for framandspråklege, til saman 150% stilling, og programrådgjevar i 50% stilling. Dette er ei spanande nyetablering i Ulvik der me vil driva undervisning tett opp mot praksisfeltet og i nært samarbeid med Ulvik herad. Stillingane er nyoppretta i samband med etablering av Introduksjonsprogram for flyktningar på Hjeltnes i Ulvik. Tilbodet er til busette flyktningar i Ulvik.

 

Leiar administrasjon ved Hjeltnes vidaregåande skule i Ulvik

100% stilling ledig frå 1. august. Søkjaren bør ha høgare økonomisk administrativ utdanning.

 

Nattevakt på internatet, vikariat i inntil 100% stilling i perioden 15. aug. -23.oktober. Kan delast på to personar. Helgevakt stilling ca annakvar helg for komande skuleår.

 

Søknadsfrist for alle stillingane er 12. juni.

For meir informasjon om stillingane ta kontakt med rektor Gunnbjørg Øyre tlf 56538800/56538813 eller elevinspektør Håkon Gjerde for nattevaktstillinga.

Sjå og lysing på www.hordaland.no ( gjeld ikkje nattevaktstillinga)

Send søknad via heimesida eller skriftleg søknad til Hjeltnes vgs, Hjeltnesvegen 185, 5730 Ulvik