Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål.

Me tilbyr:

  •  Opplæring i tilrettelagte grupper (4-6 elevar) innan alle utdanningsprogram skulen tilbyr.
  •  Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde elev.
  • Arbeidspraksis i verna bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass blir vurdert etter behov og nytte.

For meir informasjon kan du ta kontakt med rådgjevar ved skulen

Innhald i opplæringa:

  •  I gruppe for arbeidstrening (4-6 elevar) legg me særleg vekt på å førebu eleven til eit varig tilrettelagt arbeid etter vidaregåande skule.
  •  I grupper for kvardagslivstrening (4-6 elevar) vert det særleg vektlagt opplæring i basiskunnskap innan aktivitetar i dagleglivet.