Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studie-kompetanse.

Me tilbyr:

  • Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP)
  • Vg2 Produksjon og industriell teknikk (PIT)
  •  TAF Teknikk og industriell produksjon (Tekniske allmenne fag)

På Fusa vgs har me eit stort og moderne verkstadlokale, og du får ei spennande veksling mellom praksis og teori.  Utdanninga har fokus på samarbeid skule-bedrift.  Denne fagplattforma er det etterspurnad etter i mange bransjar.

 Om du ynskjer å ta høgare utdanning innan tekniske fag,  kan du søkje TAF.

TAF (tekniske allmenne fag) TIP

Kvifor velje teknikk og industriell produksjon (TIP)?

Har du praktisk sans og godt handlag? Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr i jobben din? Då er programområdet TIP noko for deg.

Kva kan du bli?

  •  CNC-operatør
  •  Sveisar
  •  Platearbeidar
  •  Industrimontør
  •  Industrirøyrleggjar

Meir om yrkesvalg innan TIP på vilbli.no 

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke (45 min timar) 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk (1P-Y) 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

3562 169.jpg

Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP)

På Vg1 har me fylgjande programfag:

  • Produksjon
  • Tekniske tenester
  • Dokumentasjon og kvalitet
  • Prosjekt til fordjuping

Desse faga gjev deg ei praktisk, variert og teknisk grunnopplæring, og ei brei plattform for vidare yrkesval.

På Vg2 får du tilbod om å ta tre av fire modular av kompetansebeviset til truck og kran.

Læreplan VG1 Teknikk og industriell produksjon

Andre året

_DSC6312.jpg

Vg2 Produksjon og industriell teknikk (PIT) 

På Vg2 har du fylgjande programfag:

  •  Produksjon
  •  Reparasjon og vedlikehald
  •  Dokumentasjon og kvalitet

Me flytta inn i nye lokaler hausten 2011. Skulen kan tilby det nyaste og mest moderne av maskiner og utstyr.

Dette er i nært samarbeid med lokal industri som Framo Fusa AS og andre industribedrifter i distriktet.

Læreplan for Industriteknologi Vg2