Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TAF-modellen

TAF-modellen fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du lærling med lærekontrakt.

Me tilbyr fylgjande utdanningar innan TAF:

  • TAF Helse
  • TAF Marin
  • TAF Mekanisk

Tekniske allmenne fag (TAF) er eit samarbeid mellom Fusa vgs og lærebedrifter innan dei ulike fagområda.   

Du må senda eigen søknad til skulen. Opptaket vert gjort av bedriftene på bakgrunn av karakterar og intervju.

Rutiner for TAF-inntak

 

Søknadsskjema TAF Søk skuleplass

Kvifor velja TAF (tekniske allmenne fag)?

  • Du får eit godt grunnlag for høgare utdanning
  • Du får både fagbrev og studiekompetanse, med fordjuping i realfaga matematikk, fysikk og kjemi
  • Du lærer å arbeida sjølvstendig etter eigne planar
  • Du lærer å samarbeida
  • Bedriftene betalar alle utgifter i samband med utdanninga
  • Du får løn etter gjeldande reglar
  • Du følgjer bedrifta sitt arbeidsår

Kva kan du bli?

Med eit TAF-vitnemål i lomma står dei aller fleste dører opne for deg, og du er klar for ei høgare utdanning på høgskule eller universitet. I tillegg har du eit fagbrev som kvalifiserer for yrkeslivet.

Utdanning.no Tre frå Fusa vgs på NTNU

informasjon om taf-utdanningane

Dei ulike TAF-modellane er like i oppbygging, men det er ulike programfag og kombinasjonar innan realfaga matematikk, fysikk og kjemi. Velg nedanfor for fag- og timefordeling, samt anna informasjon om dei ulike TAF-retningane.

 

TAF Helse TAF Mekanisk (TIP) TAF Marin

 

_MWF9321.jpg

 

mEIR INFORMASJON OM TAF?