Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kunst, design og arkitektur

Har du lyst på generell studiekompetanse og samtidig lære meir om design, formgjeving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdanninga fører fram til generell studiekompetanse, og du har dermed sjanse til å ta høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Me tilbyr:

  • 3-årig utdanning som gjev deg studiekompetanse
  • du kan velje fag innan samfunnsfag, språk og realfag
  • valfrie programfag innan formgjevingsfag
  • obligatoriske programfag innan visuelle kunstfag, design og arkitektur. 
  • mulighet for kombinasjonsløp med idrett: skiskyting eller volleyball.
  • studietur tredje året.

Med generell studiekompetanse har du mange muligheter vidare.

 

Søk skuleplass

Kvifor velje studiespesialisering med formgjeving?

  • Du får generell studiekompetanse
  • Du får ein spennande variasjon mellom teoretiske og praktiske fag
  • Du utviklar kreativiteten din, blant anna  å løysa problem utan fasit.
  • Allmenndanning. Du får kjennskap til den visuelle og estetiske verda.
  • Du får arbeida med tverrfaglege oppgåver, der du ser spanande samanhengar. 

Kva kan du bli ?

Erfaring frå formgjevingsfag er ein fordel om du vil vidare på ulike kreative utdanningar. Studiespesialiserande med formgjeving vil også være nyttig om du til dømes ynskjer å studere til journalist,  lærar, førskulelærar, politi, jurist, økonom, sosionom, sjukepleiar m.m.

vilbli.no Elevarbeid

Fag og timetal

Fag og timetall (45 min)
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3
Sum timetall per uke (45 min timar) 35 35 35
Norsk 4 4 6
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Geografi 0 2 0
Religion og etikk 0 0 3
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Samfunnsfag 0 3 0
Historie 0 2 4
Kroppsøving 2 2 2
Programfag (obligatorisk): Visuelle kunstfag 5 5 5
Programfag (obligatorisk): Design og arkitektur 5 5 5
Valfritt programfag 0 5 10

Første året

3562 017.jpg_thumb.png

Vg1 Studieførebuande m/formgjevingsfag 

I dei obligatoriske programfaga lærer du om fylgjande innhald:

  • Design og arkitektur
  • Produkt og idéutvikling av materiale og teknikkar
  • Visuelle kunstfag 

Grunnleggjande opplæring innan teikning, farge og form. Utprøving av ulike teiknereiskapar og teknikkar. Du får og prøva deg på mønsterdesign.

Dei valfrie programfaga består av:

  • Trykk og foto
  • Scenografi og kostyme
  • Visuell kultur og samfunn

Her får prøva  ulike trykkteknikkar, innføring i fotografering og digital bildebehandling. I tillegg får du ei breiare forståing av design, handverk, kunst og arkitektur i vår tid, du lærer å forstå og analysere omgjevnadane dine.

Læreplan VG1 Studiespesialisering m/ formgjeving

Andre året

3562 111.jpg

På 2. året er det i tillegg til fellesfag og obligatoriske programfag fem timar med valfritt programfag. Her kan du velje mellom

  • trykk og foto,
  • scenografi og kostyme, 
  • visuell kultur og samfunn.

Du får prøva ut ulike trykkteknikkar, innføring i fotografering og digital bildebehandling. I tillegg får du ei breiare forståing av design, handverk, kunst og arkitektur i vår tid, du lærer å forstå og analysere omgjevnadane dine.

I dei obligatoriske programfaga lærer du om grafisk design, illustrasjon og og trykk. I tillegg lærer me om teikning og fargelære, skulptur, komposisjon, og idèkunst.  

Du kan også bruke dei valfrie programfagtimane på å byggje ut studiekompetansen din med meir realfag, språk eller samfunnsfag. Fagtilboda kan variere frå år til år, ta kontakt med skulen for nærare informasjon.

Læreplan Vg2 Studiespesialisering

Tredje året

_DSC6239.jpg

På tredje året kan du velje 10 timar med valfritt programfag. Dette kjem i tillegg til fellesfag og obligatoriske programfag.  Også på tredje året kan du velje mellom :

  • trykk og foto,
  • scenografi og kostyme,
  • visuell kultur og samfunn.

Realfag

Du kan også bruke dei valfrie timane til å byggje ut studiekompetansen din med meir realfag, språk eller samfunnsfag. 

Læreplan for studiespesialisering med formgjeving Vg3

vegen vidare

Etter tre år og med studiekompetanse i lomma, kan du velje mellom mange høgare utdanningar. Både utdanningar innan kunst- og design, men du vil også ha ein nyttig kompetanse i kreativitet og problemløysing. Dette er ofte ein viktig del av vidare studiar og dei yrka som utdanninga endar opp i.

utdanning.no
sveve+dytt+rediger8.jpg