Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag er ei yrkesfagleg utdanning. Det er vanleg å gå 2 år på skule og deretter bli lærling i 2 år for å ta fagbrev. Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr:

  • VG1  Restaurant og matfag
  • VG2 Kokk- og servitør

På Fusa vgs har me moderne kjøken og restaurant. Dette gjev god trivnad og dei beste tilhøva for fagleg utvikling.

 Etter to år hjå oss kan du søkje lærlingplass.

Søk skuleplass Informasjon om læreplass

Kvifor restaurant- og matfag?

Dette er faget for deg som er interessert i matlaging, kosthald og ernæring.

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar etter endt utdanning innan restaurant og matfag. Du finn ein god oversikt på vilbli.

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke (45 min timar) 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk (1P-Y) 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

3562 123.jpg

Vg1 Restaurant- og matfag 

På Vg1 får du fagkunnskap gjennom desse programfaga:

  • råstoff og produksjon
  • kosthald og livsstil
  • bransje, fag og miljø
  • prosjekt til fordjuping

I arbeidet med faga får du ei blanding av praksis og teori.  Som elev får du vera med i fleire prosjekt  som t.d. julemiddag, lunsjar og middagar i regi av skulen. 

Du får vera med på ekskursjonar i form av bedriftsbesøk og i prosjekt til fordjuping får du veksla mellom å arbeida på det flotte kjøkenet og restauranten vår og ute i bedrift.  I den samanheng har me eit svært godt samarbeid med Solstrand Hotel og Bad, der mange elevar får prøva seg særskilt på servitøryrket.

Læreplan for Restaurant- og matfag

 

Andre året

3562 129.jpg

Kokk og servitør VG2

På VG2 får du fagkunnskap gjennom programfaga:

  • Kosthold, ernæring og helse
  • Råvarer og produksjon
  • Servering, bransje og miljø
  • Prosjekt til fordjuping

I arbeidet med faga vekslar elevane mellom teori og praksis. Skulens moderne kjøken og restaurant gjev elevane gode føresetnader for å utvikle ein solid fagleg basis for starten på ei 2 årig læretid.

Prosjekt til fordjuping vert gjennomført ved skulen og  i bedrift.  Me hjelper deg med å  plukka ut og avtala praksisstad. Praksis i bedrift er rett etter vinterferien med tanke på å gje deg gode kontaktar for lærlingesøknad.

Læreplan for Kokk- og servitør