Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Naturbruk

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 2 år på skule, og deretter ta fagbrev. Du kan òg gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Me tilbyr:

  • Vg1 Naturbruk
  • Vg2 Akvakultur
  •  TAF Marin (Tekniske allmenne fag)

På Fusa vgs vil me gje deg ei spennande veksling mellom praksis og teori. Me har flott natur som legg godt til rette for utflukter og ekskursjonar i nærmiljøet. 

 Om du ynskjer å ta høgare utdanning innan akvakultur, biologi og realfag,  kan du søkje TAF Marin. 

TAF Marin Søk skuleplass

Kvifor velje naturbruk ?

Er du interessert i og har omsorg for natur, mennesker, dyr og miljø? På naturbruk lærer du om samanhengen  mellom biologisk produksjon, naturens tålegrenser og menneskeleg aktivitet.  Du får kunnskap om korleis me kan bruka naturressursane på best mogeleg måte.

Kva kan du bli?

Naturbruk er eit utdanningsprogram for eit yrke innan primærnæringane. Du har mange valg vidare, sjå meir på vilbli.no

Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall pr veke (45 min t) 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

IMG_8370.JPG

Vg1 Naturbruk

På Vg1 Naturbruk er produksjon og aktivitet sentrale fagemne. Målet er å få fram breidda innan primærnæringane.

Me har mange praktiske aktivitetar på skulen gjennom året, i tillegg til utplassering i bedrift i to periodar i totalt 30 dagar.  Dersom du bur langt frå skulen, ordnar me  praksisplass i nærleiken av heimstaden din.

På Vg1 Naturbruk ved Fusa vgs kan du få tilbod om å ta båtførarprøven og jegerprøven.

Læreplan VG1 Naturbruk

Andre året

_MG_1759.jpg_thumb.png

Vg2 Akvakultur 

Her vil du få grundig innføring i teori og praksis, først og fremst innanfor oppdrett av laks, men og av nye artar som kveite, torsk, blåskjel og kamskjel. I tillegg til kunnskap om  sunn og god matproduksjon, får du innsikt i avanserte, datastyrte system for overvaking og prosesstyring.

På Fusa VGS får du kurs for ulike sertifiseringar (truck og kran)

Du er ute og jobbar i ei bedrift til saman ni veker gjennom skuleåret.

Læreplan VG2 Akvakultur

 

 

 

vegen vidare

Etter VG2 kan du bli lærling i akvakulturfaget i to år . Du får då lønn hjå arbeidsgjevaren din, og etter endt opplæringstid (2år), kan du gå opp til fagprøven og få fagbrev. 

Korleis få læreplass ?

ynskjer du meir informasjon om naturbruk ?