Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

Innføringsklassa er for deg som er ny her i landet, og som treng eit år med førebuing før du tek til på normalt vidaregåande løp. Du møter eit internasjonalt miljø i ei relativt lita klasse, med elevar i aldersgruppa 16 – 24 år. Innføringsklassa vert rekna som ein vanleg klasse på lik linje med dei andre klassane ved Fusa VGS,  og er med på skulearrangement,  tverrfaglege prosjekt med andre klassar, og stiller med tillitsvalde til elevråd. Året er derfor ein glimrande moglegheit til å verta kjend med det norske skulesystemet, og til å skaffe seg ein utvida venekrets.

Eit trivelig klassemiljø skapar tryggleik og gjev eit godt grunnlag for læring. Trivsel er noko som har høg prioritet i innføringsklassa, og vi tek i bruk ulike metodar og læringsverktøy  som skal bidra til eit trygt og godt læringsmiljø. Dette kan bety at ein legg til rette for til dømes eit gitarkurs gjennom skuleåret, både for å styrke det sosiale i klassen, og for å utvide fagkrinsen.

Fokus dette året er å utvide det norske ordforrådet, noko som også inneber å lære omgrep innanfor faga matematikk, samfunnsfag og naturfag. Dessutan er engelsk og gymnastikk òg inkludert på timeplanen dette året. Stor spreiing i fagkrins, som òg betyr at du møter mange forskjellige lærarar, gjer dette til eit variert og spanande skuleår som verkeleg kan utvide horisonten din! Dette er eit skuleår som kjem til å innebere mykje læring, og samtidig vere eit år som du vil kunne sjå tilbake på med glede!

Velkommen til innføringsklassa!