Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TOPP DESIGN AV FRAMSIDER

fram.jpg

Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen lyser årleg ut konkurranse om design av framsida til sine søkjarkatalogar til vidaregåande opplæring. Også for katalogane i 2017 er det Fusa-elevar som stikk av med sigeren!

Juryen skriv i si helsing:

Nok ein gong har skulen lagt ned mykje arbeid med denne oppgåva, og det har gitt resultat med at begge vinnarane kjem frå Fusa vidaregåande skule.  

Marthe Næss Andersen sitt bidrag vil bli brukt i Søkjarhandboka (kjem januar 2017)

Annika Svendal Os sitt bidrag vil bli brukt til Inntakskatalogen (kjem juni 2017)

Begge elevane kjem frå 3.klassen i studieførebuande med formgjeving.  Premieoverrekkinga med kr. 4.000 til kvar av vinnarane vil koma i januar på ei tilstelling på skulen.  Skulen gler seg storleg og er stolt av dei kreative elevane våre!

vinnar.jpg

Marthe og Annika med sine vinnarframsider

vinnar_2.jpg

Annika med sitt vinnarframside