Val

Måndag 11. september er det stortingsval. Frist for å levere inn listeforslag er 31. mars kl. 12.00. Listene skal leverast til Hordaland fylkeskommune.

Innlevering av listeframlegg for parti og andre som stiller lister

Eit listeframlegg skal vere underskrive av eit visst tal personar. Det er nok med underskrift frå minst to av styremedlemene i det fylket lista gjeld for parti som ved stortingsvalet i 2013 fekk ei oppslutning på minst 500 røyster i eitt fylke eller 5000 røyster i heile landet. Dette gjeld også for parti som har blitt registrert i Partiregisteret etter stortingsvalet i 2013. For andre parti eller grupper skal listeforslaget vere underskrive av minst 500 personar med røysterett i fylket.

Listeframlegget må vere kome inn til fylkeskommunen innan 31. mars 2017 kl. 12. Det er ikkje nok at brevet med listeframlegget er poststempla innan fristen.

Listeforslag kan kallast tilbake seinast 20. april kl. 12.00.

Fylkesutvalet i Hordaland utgjer valstyret. Fylkesvalstyret skal godkjenne listene innan 1. juni. Listene blir lagt ut til offentleg gjennomsyn.

Utfyllande informasjon om valet finn du på valportalen: val.dep.no

Resultat frå tidlegare stortingsval og fylkestingsval