Saker, saksgang og politiske møte

Fylkestinget har møte fire gonger i året; i mars, juni, oktober og desember.

Fylkesutvalet og dei tre hovudutvala kultur, idrett og regional utvikling, opplæring og helse og miljø og samferdsel har 10 -11 møte i året. Kontrollutvalet møtes 8-10 gonger i året, og for dei andre utvala varierer tala på møte. 

Sakene til fylkestinget blir lagde ut 14 dagar før første møtedag, for dei andre utvala blir sakene lagde ut ei veke før første møtedag. 

Dei politiske møta er opne for publikum. Delar av møta kan likevel lukkast dersom saka som blir behandla er unnateke offentlegheit.

Politiske møte og saker