Valnemnda

Valnemnda gir innstilling til fylkestinget i valsaker

Oppgåver

Valnemnda legg fram forslag til medlemer, varamedlemer, leiar og nestleiar i fylkeskommunen sine utval og råd der anna ikkje er fastsett i lov og reglement. Like eins foreslår nemnda kven som skal representere fylkeskommunen i ei rekkje styre, selskap, stiftingar, enkelte statlege organ på fylkesplanet med fleire. Valnemnda gjev også innstilling til skjønsmedlemer og til suppleringsval i samband med at fylkeskommunale representantar søkjer fritak og permisjonar.

Medlemer

  • Roald Kvamme, A, leiar
  • Kari Sørensen Bernardini, A
  • Tom-Christer Nilsen, H, nestleiar
  • Mona Røsvik Strømme, H
  • Pål Kårbø, KrF
  • Benthe Bondhus, Sp
  • Aud Karin Oen, SV
  • Solbjørg Marjala, R
  • Terje Søviknes, Frp
  • Tom Sverre Tomren, MDG
  • Anne-Beth Njærheim, V

Alle medlemer, saker og møte i valnemnda