Utval for miljø og samferdsel

Utvalet har 15 folkevalde medlemer, og er eit av dei tre faste utvala.

Oppgåver

Utval for miljø og samferdsel skal innanfor sitt ansvarsområde arbeide med overordna politikkutforming for fylkeskommunen. Utvalet skal utforme mål for fylkeskommunen si verksemd og prioritere tenestetilbodet innan ansvarsområdet sitt.

Utvalet gjev tilråding til fylkesutvalet i planleggings- og økonomisaker, mellom anna årsbudsjett og økonomiplan.

Utvalet har vedtaksrett i saker som gjeld fordeling av budsjetterte tilskots- og stønadsmidlar innan saksfeltet sitt.

Utvalet kan gje sjølvstendige fråsegner innan saksfeltet sitt . Utvalet kan gjere vedtak i enkeltsaker når dette har blitt delegert til utvalet.

Medlemer

  • Nils T. Bjørke, Sp, leiar
  • Marthe Hammer, SV, nestleiar
  • Synnøve Solbakken, A
  • Atle Kvåle, A
  • Rasmus Laupsa Rasmussen, A
  • Per Lerøy, A
  • Stein Inge Ryssdal, H
  • Svein Halleraker, H
  • Christer Lilleskare Olsen, H
  • Gustav Bahus, Frp
  • Renate M. Klepsvik, Frp
  • Jon Askeland, Sp
  • Astrid Aarhus Byrknes, KrF
  • Natalie Golis, MDG
  • Geir Angeltveit, V 

Saker og kontaktinformasjon