Utval for kultur, idrett og regional utvikling

Utvalet har 13 folkevalde medlemer, og er eit av dei faste utvala i Hordaland fylkeskommune.

Oppgåver

Utvalet skal vere ein pådrivar for politikkutforminga innan kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland.  Det gir også tilråding til fylkesutvalet i planleggings- og økonomisaker som mellom anna årsbudsjett og økonomiplan.

Utvalet fordeler tilskots- og stønadsmidlar, og deler ut ei rekkje prisar som kulturarbeidarprisen, idrettsstipend, kunstnarstipend og miljøprisen. Utvalet har også vedtaksrett i ei rekkje plansaker, kan gje sjølvstendige fråsegner innan sitt saksfelt, og kan gjere endelege vedtak i enkeltsaker.

Medlemer

  • Beate Husa, KrF, leiar
  • Kjell Håland, A, nestleiar
  • Siri Klokkerstuen, A
  • Espen Berntsen, A
  • Katrin Innvær Ankervold, A
  • Gunn Berit Lunde Aarvik, A
  • Olav Kvinge, H
  • May Eva Sandvik, H
  • Neshe Lie, H
  • Sigbjørn Framnes, Frp
  • Gunnar Bakke, Frp
  • Sara Hamre Sekkingstad, Sp
  • Geir Kjell Andersland, V

Saker og kontaktinformasjon