Ungdommens fylkesting og fylkesutval

Formålet med ungdommens fylkesting (UFT) i Hordaland er å vere ein arena for ungdom frå heile fylket, og å vere talerør for ungdommen i politikken i Hordaland.

Oppgåver

Ungdommens fylkesting møter ein gong i året og vel mellom anna ungdommens fylkesutval (UFT) som arbeidsutval. Ungdommens fylkesting og ungdommens fylkesutval skal vere eit høyrings- og rådgjevande organ for Hordaland fylkeskommune. Ungdommens fylkesting og ungdommens fylkesutval kan sjølve ta opp saker dei ønskjer fremja med administrasjonen og/eller politiske organ i fylkeskommunen.

Samansetting

Kvar kommune i Hordaland blir inviterte til å sende to frivillige og engasjerte representantar til ungdommens fylkesting som delegatar.

Vedtekter for ungdommens fylkesting (PDF)

Reglement for ungdommens fylkesting (PDF)

Ungdommens planprogram for 2016 (PDF)

Møteprotokoll frå siste møte i ungdommens fylkesting (PDF)

Møteprotokoll frå møte i ungdommens fylkesutval 15. desember 2016

Har du ei sak du brenn for? Kontakt UFT på e-post:

ungdommens.fylkesutval@hfk.no

Saker og kontaktinformasjon