Fylkesutvalet

Fylkesutvalet i Hordaland består av 15 representantar som blir valde blant medlemmene i fylkestinget.

Oppgåver

Fylkesutvalet har ansvar for samordning av den fylkeskommunale verksemda. Ansvaret for planar, økonomi, næringssaker og overordna næringspolitikk ligg til fylkesutvalet. Alle saker frå dei faste utvala som gjeld planar og økonomi skal handsamast av fylkesutvalet før endeleg avgjerd.

Fylkesutvalet tek avgjerder i saker det har fått delegert myndigheit til, og kjem elles med innstillingar til fylkestinget. 

Utvalet som har møte om lag ein gong i månaden blir leia av fylkesordføraren.

Fylkesvalstyret

Ved val til Stortinget og fylkestinget er medlemene og varamedlemene i fylkesutvalet fylkesvalstyre.

 

Medlemer

  • Anne Gine Hestetun, A, fylkesordførar
  • Roald Kvamme, A
  • Kari Sørensen Bernardini, A
  • Mari Klokkerstuen Kjellesvik, A
  • Helge Nævdal, A
  • Mona Røsvik Strømme, H
  • Silja Ekeland Bjørkly, H
  • Nils Marton Aadland, H
  • Terje Søviknes, Frp
  • Silje Hjemdal, Frp
  • Pål Kårbø, KrF, fylkesvaraordførar
  • Benthe Bondhus, Sp
  • Aud Karin Oen, SV
  • Tom Sverre Tomren, MDG
  • Anne Beth Njærheim, V

Saker og kontaktinformasjon for medlemene