Fylkestinget og fylkesordføraren

Fylkestinget i Hordaland har 57 medlemer, og er det øvste politiske organet i fylkeskommunen. Anne Gine Hestetun (A) er fylkesordførar og leiar av fylkestinget i perioden 2015-2019. Pål Kårbø (Krf) er fylkesvaraordførar.

Fylkestinget har ansvar for alle fylkeskommunale oppgåver. Sentrale oppgåver er fylkesplanlegging, planlegging av fylkeskommunen si eiga verksemd, og økonomiplan og årsbudsjett.

Organisering

Representantane blir valde for ein periode på fire år. I tillegg til deltaking i fylkestinget, deltek representantane også i ei rekkje andre råd og utval.

Fleirtalet i fylkestinget vel ein fylkesordførar som er møteleiar for fylkestingsmøta og leiar fylkesutvalet. Fylkestinget utnemner også representantar og leiarar for ei rekkje utval som har delansvar for fylkeskommunen sine mange ansvarsområde. Fylkestingsvalet blir halde kvart fjerde år, samtidig med kommunevalet. Neste fylkestingsval er i 2019.

Partifordeling

I valperioden 2015-2019 er ni politiske parti representerte i fylkestinget.

Arbeiderpartiet har 20 representantar. Høgre har 12, og Framstegspartiet har sju representantar. Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet har fire, og Miljøpartiet De Grønne, Sosialistisk Venstreparti og Venstre har tre representantar kvar. Rødt har ein representant. 

Medlemer og saker i fylkestinget

Bilete av folkevalde

Foto av alle i fylkestinget (Flickr)

 

Fylkesordførar
Profilbilde av Anne Gine Hestetun
Anne Gine Hestetun
55 23 90 11
Fylkesvaraordførar
Profilbilde av Pål Kårbø
Politisk rådgjevar for fylkesordføraren
Profilbilde av Rasmus Laupsa Rasmussen
Rasmus Laupsa Rasmussen
452 29 172