Andre politiske utval

Klagenemnda, Hordaland fagskulestyre, yrkesopplæringsnemnda, fylkeseldrerådet, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og fylkestrafikksikringsutvalet er utval under fylkestinget.

Klagenemnda

Klagenemnda  er klageinstans for enkeltvedtak fatta av fylkeskommunalt organ. Dette gjeld likevel ikkje vedtak som er fatta av fylkestinget.

Nemnda har fem medlemer.

Saker og medlemer

Hordaland fagskulestyre

Fagskulestyret har overordna ansvar for den daglege drifta av fagskulane i fylket og fører tilsyn med den daglege leiinga.

Styret for fagskulane i Hordland har sju medlemer. Fem medlemer, med to varamedlemer blir valde av fylkestinget. Tilsette og studentar vel ein representant kvar.

Saker og medlemer

Yrkesopplæringsnemnda

Yrkesopplæringsnemnda er ein sentral del av utviklingsarbeidet innanfor fag- og yrkesopplæringa Hordaland. Nemnda er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen. I nemnda sit medlemer frå fylkestinget, frå arbeidstakar - og arbeidsgjevarorganisasjonane og elevrepresentantar.

Saker og medlemer

Fylkeseldrerådet

Fylkeseldrerådet er eit samarbeids- og rådgjevande organ i fylkeskommunale saker. Det gjev råd i alle saker som gjeld levekåra for eldre i fylket.

Fylkeseldrerådet i Hordaland har sju representantar med personlege vararepresentantar.

Saker og medlemer

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal gi råd, drøfte saker, informere og bidra til å gi funksjonshemma i Hordaland ein betre kvardag.

Rådet har sju medlemer med personlege varamedlemer. Fire representantar er valde etter forslag frå brukarorganisasjonane (FFO og SAFO) og tre representantar er politisk valde.

Saker og medlemer 

Fylkestrafikksikringsutvalet

Fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland skal mellom anna gi råd, drøfte saker, informere og samordne og bidra til betre trafikksikring Hordaland. 

Utvalet har fem medlemer.

Saker og medlemer