Politisk organisering

Fylkeskommunen forvaltar fellesskapet sine verdiar med vekt på menneskeverd og likeverd.

Fylkeskommunen sine administrative oppgåver er politisk styrte. Det betyr at Hordaland fylkeskommune utfører den politikken som blir vedteke av dei folkevalde politikarane som sit i fylkestinget, fylkesutvalet og andre politiske utval. Fylkestinget er det øvste styringsorganet, og utgjer Hordaland sitt ”Storting”.

Politisk leiar av fylkestinget er fylkesordføraren. Fylkesutvalet førebur saker for, og kjem med innstillingar til fylkestinget. Fylkesutvalet har også fått delegert vedtaksrett i mange saker. Hordaland fylkeskommune har og  ei rekkje politisk utval som er knytt opp mot dei viktigaste fagområda som fylkeskommunen jobbar med; regional utvikling, samferdsel, kultur, vidaregåande opplæring og tannhelse. 

Anne Gine Hestetun (A) er fylkesordførar i perioden 2015-2019. Pål Kårbø (KrF) er fylkesvaraordførar.

Politiske utval

Oversikt over dei politiske utvala i Hordaland fylkeskommune.

Oversikt over politiske møte

Møtekalender