Reiserekning

Elektronisk reiserekning for folkevalde i Hordaland fylkeskommune.

For nye folkevalde

Du må sende inn opplysingane nedanfor til Hordaland fylkeskommune. Informasjonen skal brukast til reiserekningar og andre utbetalingar.

Send informasjonen til 
Hordaland fylkeskommune
Fylkessekretariatet
Postboks 7900
5020 Bergen

Merk konvolutten med Gunbjørg S. Hanssen.

Du kan evt. sende skjemaet for tapt arbeidsforteneste på e-post:
Ta bilete av det signerte skjemaet eller skann det. Send skjemaet til folkevalde@hfk.no

Viktige punkt i reiserekninga

  1. Reiserekning og bilag må leverast så snart som mogleg etter at reisa er avslutta.
  2. Møte som det ikkje er møtebok for må dokumenterast. Lever t.d. innkalling for årsmøte eller styremøte.
  3. To-dagarsmøte utan overnatting: Lag ei reiserekning for kvar dag.
  4. Refusjon av utlegg utan mva (t.d. kopiering på hotellet) må ikkje takast med i reiserekninga. Lag i staden ny rekning. Vel "Registrer utlegg" og legg inn utlegga.  

Brukarnamn:
Tilsettnummer (kalla lønsnummer på lønsslippen). Nye brukarar må få dette frå økonomiavdelinga. 

Passord:
Eksisterande brukarar har fått dette tidlegare. Nye brukarar må få det frå økonomiavdelinga. 

Firmakode:  2121200  

Send reiserekninga til økonomiavdelinga. Du får ferdig frankerte og adresserte konvoluttar i dei politiske møta eller ved å vende deg til økonomi- og organisasjonsavdelinga.

Rettleiing reiserekning
Profilbilde av Gunbjørg S Hanssen
Gunbjørg S Hanssen
55239005