ePolitiker og iPad

Sakshandsaming i dei fleste utvala i Hordaland fylkeskommune er papirlause, det vil seie at det ikkje blir sendt ut saksdokument eller innkallingar på papir.

Innkallingar og saksdokument til dei politiske møta blir lagt på ePolitiker. Appen kan du laste ned til iPad. 

ePolitiker

HFK nyttar appen ePolitiker som verktøy for politikarane slik at alle folkevalde kan lese innkallingar og saksdokument. ePolitiker kan lastast ned i App Store. Appen er gratis. 

Les saker på iPad

For å kunne lese pdf-dokument, er det ein fordel om du lastar ned appen GoodReader frå App Store. Når du brukar denne, kan du også skrive notat på sjølve dokumentet.

Opne winmail.dat-filer

Du bør også laste ned appen Letter Opener. Dersom du mottek e-post frå personar med Outlook og Windows e-post, kan du få vedlegg som winmail.dat-format. Winmail.dat-filer er fleire e-postvedlegg som Outlook komprimerer saman til ei stor fil. Letter opener hjelper deg med å opne opp filene slik at du kan sjå/lese vedlegga.

Brukarstøtte for iPad

Apple

Dersom du har spørsmål om bruk av iPad, ta kontakt med Apple sin tekniske telefonsupport. Denne tenesta er gratis å nytte sidan Hordaland fylkeskommune har teikna ein utvida garanti. Her kan du spørje om kva det måtte vere som gjeld iPaden.

Telefon 815 00 158

IT-service

Dersom iPad-en ikkje fungerer og du treng å nytte garantien, ta kontakt med IT-service i 3. etasje i fylkesbygget.

Telefon 55 23 94 94 / e-post it-service@hfk.no

Fylkessekretariatet

Treng du hjelp for å nytte ePolitiker eller andre ting knytta til papirlause møte, ta kontakt med fylkessekretariatet i fylkeskommunen.

Telefon 55 23 90 14 / e-post folkevalde@hfk.no