For politikarar

Som folkevald i fylkeskommunen har du både rettar og plikter. Du må også følgje ei rekkje lover og retningslinjer i det politiske arbeidet ditt.

Dei folkevalde i Hordaland fylkeskommune nyttar appen ePolitiker. Der ligg alle saksdokument og innkallingar. Saksbehandling i dei fleste utvala i fylkeskommunen er papirlause, det vil sei at det ikkje blir sendt ut saksdokument eller innkallingar på papir.

Informasjon og rettleiing

Her finn du informasjon om lover og reglar du må forhalde deg til som folkevald. Her finn du og rettleiing for mellom anna korleis bruke ePolitikar og korleis fylle ut reiserekning.