Høyring - Regional transportplan Hordaland 2018 - 2029

Forslag til Regional transportplan Hordaland (RTP) 2018-2029 var på offentleg høyring i perioden 23. februar til 7. april. Du kan no sjå høyringsuttalane.

RTP vert lagt fram for endeleg slutthandsaming i fylkestinget 13.-14. juni 2017.

Regional transportplan Hordaland 2018-2029 er ei rullering av Regional transportplan Hordaland 2013-2024, vedtatt av fylkestinget i desember 2012. Planen er ein langsiktig regional strategiplan for utvikling av transportsektoren i Hordaland. Planen inneheld mål til alle relevante delar av transportsystemet, samt strategiar, overordna prioriteringar og tiltak som viser korleis måla skal følgjast opp.

Overordna mål for RTP; Hordaland skal ha eit sikkert transportsystem som ivaretek mobilitetsbehov og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Sjå bakgrunnsstoff og informasjon om planarbeidet

Vedlegg:

Høyringsdokument

Høyringsbrev

Adresseliste

Profilbilde av Marte Hagen Eriksrud
Marte Hagen Eriksrud
55239075