Offentleg ettersyn - fredingsforslag for Kong Oscarsgate 70

I medhald av Lov om kulturminne § 15, jf. § 22 har Hordaland fylkeskommune utarbeidd forslag til freding av Kong Oscars gate 70 i Bergen kommune. Forslaget er sendt på høyring til partane i saka og lagt ut til offentleg ettersyn.

Kong Oscars gate 70 er ein liten bygard i Bergen sentrum. Bygningen er reist i 1910 etter teikningar av arkitekt Einar Oscar Schou, og eksteriøret utgjer eit heilskapleg, gjennomarbeidd og særprega arkitektonisk kunstverk i jugendstil. Formålet med fredinga er å bevare Kong Oscars gate 70 som eit arkitektonisk og kulturhistorisk viktig eksempel på eit bygardsanlegg i jugendstil. Fredingsforslaget omfattar eksteriøret samt interiøret i hovudtrapperommet.

Høyringsdokument

Fredingsforslag
Kulturminnedokumentasjon

Profilbilde av Erlend Hofstad
Erlend Hofstad
55378024