Høyring for regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Store endringsdrivarar vil setje nye krav til kompetanse. Denne regionale planen skal ruste hordalandssamfunnet til å møte desse endringane.

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft skal være eit verktøy for å setje retning og samordne arbeidet med kompetanseutvikling i Hordaland. Hordaland står ovanfor store endringar i samfunns- og arbeidsliv på lik line med andre regionar både i Noreg og elles i verda.

Dei store endringsdrivarane som globalisering, eldrebølgja, det grøne skifte og automatisering og robotisering vil setje nye krav til kompetanse. Regional plan for kompetanse og arbeidskraft skal ruste hordalandssamfunnet til å møte desse endringane. Nasjonale myndigheiter ønskjer å styrke regionalt folkevald nivå sitt kompetansepolitiske ansvar og samordningsrolle. Det betyr at Hordaland fylkeskommune må ta ei koordinerande rolle i dette arbeidet framover.

Planarbeidet har vore organisert med ei styringsgruppe som har vore politisk leia, arbeidsgruppe og temagrupper. Arbeidet starta formelt i fylkesutvalet i oktober 2015. Arbeidet har vore leia administrativt av Regionalavdelinga i samarbeid med Opplæringsavdelinga.

Høyringsfrist: 22 juni. Merk e-posten med med 2014/17126.

Send dine innspel til hfk@hfk.no

Vedlegg

Handlingsplan.pdf

Høyringsutkast.pdf

Foreslått overordna mål

Betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter kompetanse og arbeidskraft i Hordaland gjennom eit forpliktande samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og utdanningsaktørane.

Foreslått hovudmål

  1. Arbeidslivet i Hordaland skal ha naudsynt kompetanse for å kunne møte framtidige omstillingsbehov
  2. Arbeidslivet i Hordaland skal ha tilgang til tilstrekkeleg og relevant arbeidskraft for å kunne oppretthalde drifta og ekspandere etter behov
  3. Innbyggjarane i Hordaland skal ha tilstrekkeleg tilgang til profesjonell, offentleg og gratis karriererettleiing, med vekt på karrierelæring, i den livsfasen dei er i.
Kontakt
Profilbilde av Kathrin Jakobsen
Kathrin Jakobsen
98255253