Du kan påverke

Du som innbyggjar kan påverke fylkestinget sin politikk og fylkeskommunen si verksemd. Den viktigaste måten du kan påverke på er å bruke røysteretten din. 

Alle innbyggjarar i Hordaland kan fremje initiativ til saker dei meiner fylkestinget bør behandle. Kravet er at minst 500 innbyggjarar står bak forslaget, og at saka ikkje er behandla i fylkestinget tidlegare. Har du spørsmål som gjeld politiske vedtak eller andre saker innafor fylkeskommunen si verksemd kan du få svar frå fylkesordføraren eller andre representantar direkte i fylkestingsmøta. 

Når fylkeskommunen utarbeidar planar og strategidokument, inviterer fylkeskommunen involverte partar og andre interessentar til medverknad gjennom høyringar og offentleg ettersyn.

Innbyggjarpåverknad

Du kan påverke politikken i Hordaland på fleire måtar. Du kan mellom anna stille spørsmål og svare på høyringar.

Send e-post