Tettstadutvikling

Jon Nedkvitne, samfunns- og utviklingssjef i Kvam herad:

Fylkeskommunen er ein viktig inspirator og bidragsytar i arbeidet med å utvikle attraktive tettstader.

Hordaland fylkeskommune ønskjer å vere ein viktig samarbeidspartnar for kommunar som vil utvikle tettstadane slik at dei blir meir attraktive for innbyggjarar, næringsliv og tilreisande.

Vi skal stimulere til utvikling av region- og lokalsentra i fylket. Eit attraktivt lokal og regionsenter må ha gode offentlege tenester, ha moglegheiter for næringsutvikling og  kunne tilby bustadar. I tillegg må det leggast til rette for handel og kulturliv.

Fylkeskommunen skal støtte kommunane i deira planarbeid. Kommunar som ønskjer å setje i gang konkrete tiltak kan kontakte oss for rådgjeving og økonomisk støtte til prosjekt.

Tenester

Eit godt eksempel

Norheimsund - småby med fjordpromenade

Norheimsund - kommunesenter i Kvam og regionsenter i Hardanger - fekk tildelt Statens pris for attraktiv stad i 2013. Kommunen har hatt ei mangeårig og brei satsing på stadutvikling med fagleg og økonomisk støtte frå fylkeskommunen. Alle delprosjekta har høg kvalitet: miljøgata "Nye Grova", kaifronten, gjestehamna, "Haldeplassen", det nyehotellet og strandvegen. - Det er noko spesielt med energien som ligg i denne staden, som har gjort inntrykk på meg. Det er ingen andre tettstader som kan vise til ein tilsvarande fjordpromenade gjennom sentrum, sa juryformann Erling Dokk Holm under prisutdelinga i 2013.