Folkehelse, universell utforming, barn og unge

Dette er viktige tema i kommunane si planlegging.

Folkehelse

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å koordinere folkehelsearbeidet i fylket. Det overordna målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, og å redusere helseforskjellar mellom sosiale lag, etniske grupper, kvinner og menn. Prioriteringar i arealplanlegging kan fremja eller hindra folkehelsa.

I plan og bygningslova står det at planar skal «fremme befolkningens helse og motvirke sosiale helseforskjeller, samt bidra til å forebygge kriminalitet.»

Korleis sikre folkehelse i arealplanlegginga?

Sikring av folkehelse gjennom arealplanlegging krev heilskapleg planlegging innanfor fleire område. Mellom anna ved å leggje til rette for:

  • Universell utforming     
  • Tilgang til friluftsområde med gode tilkomstvegar, og at grøntareal blir sikra i plan på tenleg måte, som t.d. grønstruktur, friluftsområde sjø/land, LNF
  • Formelle og uformelle sosiale møteplassar
  • Trygge omgjevnader gjennom gode ROS-analysar, tilrettelegging for funksjonsblanding og trafikksikring
  • Meir bruk av gang- og sykkelvegar, kollektivtransport og betre luftkvalitet gjennom samordna areal og transportplanlegging
  • Sikring av gode grøntområde for barn og unge
  • Desse omsyna kan både sikrast i føresegner og ved prioritering mellom arealføremål. God medverknad frå ulike grupper i samfunnet er òg viktig. 

Andre relevante plantema for folkehelse:

Friluftsliv, senter og tettstadutvikling, arkitektur/estetikk byggutforming, universell utforming, barn og unges interesser.

Regional plan for folkehelse

Meir informasjon om folkehelsearbeidet på temaside om folkehelse

Universell utforming

Universell utforming, deltaking og likestilling er viktige premiss i arealplanlegging, der mennesket er i sentrum. Regional plan for folkehelse har planretningsliner som seier at kommuneplanens arealdel skal ha føresegner om universell utforming, og at ved planlegging av sentrumsområde i byar og tettstader skal omsyn til universell utforming leggjast til grunn.

Av plan- og bygningslova framgår det at det skal vere eit overordna mål med arealplanlegging at alle grupper skal kunne delta i sjølve planprosessen, og at planar skal sikra funksjonelle og estetiske løysingar når dei er ferdig utbygde.

Plan og bygningsloven gir føringar om universell utforming i:

  • § 11-9 Bestemmelser  til kommuneplanens arealdel, pkt 5
  • § 12-7 Bestemmelser i reguleringsplan, pkt 4, 5 og 12
  • § 17-3 Utbyggingsavtaler
  • § 12-7, pkt 5, om reguleringsplan og arealformål, og i § 17-3 om utbyggingsavtaler, står det at kommunen kan gi føresegner som regulerer talet på bustader i eit område, største og minste storleik på bustadene, og nærare krav til tilgjenge og utforminga av bustaden der det er turvande.

Bustader, offentlege bygg og møteplassar

Kommunane kan skaffe seg oversikt over framtidig bustadbehov i høve til innbyggjarane sin alder og funksjonsevne. Det kan gje grunnlag for ein meir nyansert bustadpolitikk og gi større variasjon i bustadtilboda.

I arealplanlegging kan det vere tenleg å samle viktige funksjonar, leggje til rette for gode møteplassar og tilkomst på gangvegar med passe stigning.

Kommunen er både tenesteytar og planstyresmakt og har eit dobbelt ansvar når det gjeld universell utforming ved tomteval til offentlege bygg som barnehagar, skular og sjukeheim. Tomtene må ha god  offentleg tilkomst, og vere enkle å leggje til rette for alle grupper.

For å få fange opp både funksjon og estetikk kan det vere ei løysing at kommunen skipar arkitektkonkurranse om universelt utforma bustadområde i typisk vestlandsterreng.

Andre relevante plantema:

Arkitektur estetikk, folkehelse

Regional plan for folkehelse 

Meir informasjon på temaside om folkehelse.

 

Barn og unge

Planlegging skal ta omsyn til barn og unge sine interesser og sikre gode  og trygge oppvekstmiljø. Å ta vare på barn og unges interesser er eit tverrsektorielt ansvar, og heng i hop med fleire andre plantema som friluftsliv, folke­helse, landskap, arkitektur og estetikk, by- og tettstadutforming og universell utforming.  

Sikring av tilgang til grøntareal, friluftsområde og grønstruktur i byar og tettstader må bli vektlagt i planlegginga. Statlege planretningsliner set krav til planprosessen og til den fysiske utforminga av areal for barn og unge. Rundskriv T 1513 Om barn og planlegging gir utfyllande rettleiing.  

Barnetråkk er ein metode for å kartlegge barns bruk av areal. Norsk Form har laga ein rettleiar i barnetråkkregistreringar.  

Andre relevante tema: friluftsliv, folkehelse, landskap, arkitektur og estetikk, senter- og tettstadutforming, universell utforming.