Arkitektur, estetikk, kulturminne og kulturmiljø

Arkitektur/estetikk

Menneske søker til stader med god arkitektur fordi dei gir trivsel og livskvalitet som igjen gir grunnlag for verdiskaping. God arkitektur er inkluderande og tenleg for alle grupper og gir rammer der ein kan kjenne seg trygg. Godt samspel mellom ny og gamal arkitektur gir oppleving av felles kultur og identitet.

For å sikra heilskap og samanhang i våre fysiske omgjevnader må arkitektur ha ein framtredande plass i arealplanlegging. Både bygningar, anlegg, uterom og landskap må bli sett i ein arkitektonisk og estetisk samanheng.

Føresegner

I kommuneplan kan ein gjennom godt formulerte føresegner, val av rett arealformål og grad av utnytting, leggje grunnlag for kvalitet i reguleringsplanar og byggjesaker. Tema som legg viktige premiss for utforming  i føresegnene er: gesimshøgde, byggjehøgde, takform, kvalitet i materialar og terrengtilpassing. I plankartet gir arealdisponering viktige premiss for rom mellom husa og nær- og fjernverknad av bygningane.

Andre relevante tema: Landskap, Kulturminne og kulturmiljø, Universell utforming, senter og tettstadutvikling, Folkehelse

Regionale planar:

Regional plan for attraktive senter - senterstruktur, tenester og handel

Sjå også temaside om tettstadutvikling

Kulturminne og kulturmiljø

Kulturminne viser oss spor etter menneskeleg aktivitet opp i gjennom tida. Kulturminne er ein avgrensa ressurs som ikkje kan erstattast dersom dei vert borte. Dette gjeld både dei automatisk freda kulturminna og dei historieberande kulturminna frå nær fortid.

Hordaland fylkeskommune er i dag delegert kulturminnemynde både for automatisk freda kulturminne og kulturminne av nasjonal verdi. Målet for kulturminnevernet er at omsyn til dei ulike kulturminneverdiane på best måte skal sikrast gjennom lokal og regional arealplanlegging og skal utgjere eit viktig grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling.

Kulturminneverdiane bør vere del av planprosessane så tidleg som råd for å unngå konfliktar. Ein bør så tidleg som råd nytte seg av tilgjengeleg informasjon om eksisterande kulturminne, og analysere kva føremål og tiltak som kan kome i konflikt med eksisterande kulturminne.

SEFRAK-registeret over eldre bygningar og den nasjonale kulturminnedatabasen - Askeladden si oversikt over kjende automatisk freda kulturminne, bygg og listeførte kyrkjer er gode kjelder. Ei anna god kjelde er NB!registeret, som er Riksantikvaren sitt register over nasjonale kulturminneinteresser. Desse, og fleire får ein tilgang til mellom anna på www.kart.ivest.no 

www.miljøstatus.no og  Riksantikvaren.

Kulturminne må sikrast i plan gjennom omsynssoner. Omsynssoner kan vise område der vidare planlegging må ta særleg omsyn til kulturmiljøet. Freda kulturminne skal visast som bandlagt areal i omsynssone d og nyare tids kulturminne må få omsynssone c, jf. pbl § 11-8, bokstav c og d. Det er viktig å knyte gode arealføremål, føresegner og gode retningsliner til omsynssonene, jf. pbl §§ 12-5 og 12-7.

Estetisk utforming er del av all areal planlegging, men er særleg viktig i saker med definerte kulturminneverdiar. Bruk og tilpassing av landskap er viktige verdiar å vekta i samband med kulturlandskap.

Andre relevante tema: Arkitektur, estetikk og  Landskap 

Regionale planar: Regional kulturplan

Hordaland fylkeskommune si temaside om kulturminnevern