Regionale planar

Plan- og bygningslova seier:

Regional planlegging har til formål å stimulere den fysiske, miljømessige, helsemessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklingen i en region.

Ei viktig oppgåve for Hordaland fylkeskommune er å utarbeide regionale planar. Planane skal ligge til grunn for fylkeskommunal verksemd og er retningsgjevande for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylka. Fylkestinget er planmyndigheit.

Regional plan kan gjelde for heile fylket, for delar av fylket, eller ta opp avgrensa tema for heile eller delar av fylket. For regional plan skal det utarbeidast planprogram som grunnlag for planarbeidet. Til alle regionale planar blir det utarbeidd handlingsprogram som skal rullerast årleg. 

Kva planar fylkeskommunen skal arbeide med vert avklart gjennom regional planstrategi.

Planar

Oversikt over alle gjeldande regionale planar.