Regionale planar under arbeid

Hordaland fylkeskommune har til ei kvar tid ei rekkje regionale planar under arbeid. I 2016 arbeider vi med ein ny regional areal-og transportplan for Bergensområdet, regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger, regional plan for Haugalandet og regional plan for kompetanse og arbeidskraft. 

For regional plan skal det alltid utarbeidast planprogram. Dette skal sendast på høyring og leggjast til offentleg ettersyn.  Forslag til regional plan skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn på same måte som planprogrammet. Planen blir vedtatt av fylkestinget. Regionale planar skal ha eit handlingsprogram som skal rullerast kvart år.

Oversikt

Planar som er i prosess i Hordaland fylkeskommune.