Høyring - regional planstrategi 2016 - 2020 for Hordaland

Forslag til regional planstrategi for perioden 2016-2020 er no på  høyring. Vi inviterer heile Hordaland til å koma med synspunkt på korleis fylket skal utviklast!

Regional planstrategi inneheld langsiktige mål for utviklinga i fylket og hovudmål for dei næraste fire åra.  For kvart hovudmål er det utforma strategiar og fastsett kva planar som skal utarbeidast. Strategien gir føringar for kva som skal prioriterast, slik at både fylkeskommunen, stat og kommune kan dra i same retning.  

Forslaget inneheld ein utviklingsplan for Hordaland med fylgjande hovudmål for perioden:   

  • Høg sysselsetjing
  • Eit inkluderande samfunn
  • Klima- og miljøvenleg utvikling 
  • Samarbeid i ein sterk vestlandsregion 

For kvart hovudmål er det forslag om strategiar og planarbeid for å oppnå måla. Høyringa er open for alle som har synspunkt på korleis Hordaland bør utviklast.

Høyringsdokument

Høyringsbrev

Adresseliste høyringsbrev

Nettsida www.hordaland.no/regionalplanstrategi  inneheld bakgrunnsstoff og  informasjon om høyringa og vidare framdrift.

Profilbilde av Marit Rødseth
Marit Rødseth
48138493