Prosess

Her blir lagt ut informasjon etter kvart om prosessen med regional planstrategi.

Arbeidet med regional planstrategi – ein utviklingsplan for Hordaland – er i gang. Skal vi få ein god strategi er vi avhengig av medverknad frå Hordalandssamfunnet. Vi treng ulike perspektiv og synspunkt. Vi treng kunnskap om heile fylket. Vi treng felles satsingsområde som kan gje størst mogeleg handlekraft.

Strategien skal setja mål for langsiktig utvikling av Hordaland innafor berekraftige rammer. Vi skal prioritere satsingar for å løyse utfordringane og vi skal peike på kva planar vi treng dei næraste åra. Strategien er formelt heimla i Plan- og bygningslova, men er også ein viktig reiskap for regional utvikling i vid forstand.

Utviklingsplan for Hordaland - arbeid pågår!

Samråd

Samråd i fylkestinget 8. - 9. mars

Regional planstrategi var tema på fylkestinget 8. og 9. mars 2016. Ordførarane og fylkestinget møttest 8. mars om ettermiddagen for å utveksle synspunkt om utfordringar og strategiar. Føremiddagen 9. mars var sett av til vidare drøfting av vegval og strategiar for utvikling av Hordaland.

Invitasjon til fylkestinget

Fylkesrådmannen si innleiing 8. mars

Fylkesdirektør for regional utvikling - utfordringar, oppgåver og oppsummering 9. mars

Rapport frå samråd om utvikling av Hordaland 9. mars

Høyring

Vedtak i fylkestinget

Regional planstrategi var vedtatt i fylkestinget 13. desember 2016 (sak 116/2016).

Lenke til saksframlegg, vedtak og høyringsrapport 

Spørsmål? Spør prosjektleiar
Profilbilde av Marit Rødseth
Marit Rødseth
48138493