Regional planstrategi 2016-2020

Ny regional planstrategi skal sette dagsorden for berekraftig utvikling

Regional planstrategi skal utarbeidast for kvar fylkestingsperiode og vedtakast av fylkestinget seinast eitt år etter konstituering. Strategien skal peika ut dei viktigaste utfordringane i fylket, setja langsiktige mål for utviklinga og prioritera regionalt planarbeid.  I regional planstrategi blir det avklart kva planar fylkeskommunen skal arbeide med.

Arbeidet med ny regional planstrategi er i gang og skal avløyse eksisterande planstrategi som gjeld til og med 2016.  Fylkesutvalet er styringsgruppe og det er etablert ei samrådsgruppe. Gruppa er samansett av fylkesordførar, opposisjonsleiar og utvalsleiarane, Fylkesmannen i Hordaland, Bergen kommune, byrådsleiar samt representant for kvart av regionråda i Hardanger, Sunnhordland, Nordhordland og Region Vest. Kontaktperson i fylkeskommunen er Marit Rødseth.

Prosess