Tilskot til kommune- og tettstadplanlegging

Formålet med ordninga er å gi støtte til oppgåver der både kommunane og regionalt nivå er involvert i kommunal planlegging og tettstadutvikling.

Kven kan søkje?  

Kommunar i Hordaland.

Kva kan støttast?

Stadanalysar, muligheitsstudiar og utgreiingar i samband med kommunal planlegging og by- og tettstadutvikling, og prosessar i tilknyting til slikt arbeid. Prosjekt som er utviklingsretta og som stør opp under handlingsprogrammet i Regional plan for attraktive senter i Hordaland er særleg velkomne. Vi oppmodar om å utvikle prosjekt med overføringsverdi. Normalt støttenivå er 50 000 – 150 000 kr.

Krav til søknaden

Føreset normalt kommunal og eventuelt anna finansiering i minst tilsvarande storleik. Det vert lagt vekt på god framdrift og politisk forankring lokalt.  Delar av kommunen sitt bidrag kan vere i form av eigeninnsats.

Søknadsfrist og skjema

Søknadsfrist er 31. mars 2017. Søknadar skal registrerast på www.regionalforvaltning.no, bruk støtteordning "Tilskot til kommune- og tettstadplanlegging". Tilskotsmidlane må brukast og rapporterast i 2017. Det er avgrensa midlar til utdeling.

Andre aktuelle støtteordningar

Utvikling av attraktive senter i Hordaland er eit av innsatsområda i Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH). Relevante prosjekt med dette som føremål kan òg få støtte frå midlar knytt til HNH. Søknader kan bli vurdert i forhold til begge støtteordningane.

Tidlegare prosjekt med støtte frå Hordaland fylkeskommune

Her vil det komme meir informasjon.

Profilbilde av Per Nordmark
Per Nordmark
47418514