Planrettleiing

Det er lovfesta i Plan- og bygningslova § 3-2 at "Regional planmyndighet skal veilede og bistå kommunene i deres planleggingsoppgaver".

Planrettleiing i regi av fylkeskommunen skjer gjennom internett, regionalt planforum, plannettverk, kompetanseutvikling og konferansar og i innspel og fråsegner til kommunale planar.

Merk at planar som blir sendt på høyring til Hordaland fylkeskommune skal sendast til planseksjonen i regionalavdelinga, ikkje til andre avdelingar. Planseksjonen koordinerer innspel og merknader frå andre seksjonar og avdelingar og sender svar ut.

Plansaker skal sendast til

Hordaland fylkeskommune
Regionalavdelinga, planseksjonen
Postboks 7900
5020 Bergen

og sendast elektronisk til hfk@hfk.no

Under er omtalt tre tema som det ofte vert spørsmål om: føresegner, motsegner og konsekvensutgreiingar.

Føresegner

Etter innføring av plan- og bygningslov (2008) er føresegner viktigare enn tidlegare. Føresegner bør formulerast som skal-punkt med eksakte grenseverdiar.  Kommuneplanane bør vera fleksible, men gje tilstrekkeleg styring til å utforma reguleringsplanar for byggeområde. Det er viktig at det vert konkrete føringar for til dømes byggehøgder, bygningsform og liknande. 

Føresegner - døme på disposisjon

 

Framside
Føresegner for kommunedelplan for ………..NN kommune 
Vedtatt av kommunestyret den…….. 

Ny side:
Innhald:

Del 1 Informasjon og brukarrettleiing
Del 2 Føresegner 

Ny side: 

DEL 1  INFORMASJON OG BRUKARRETTLEIING ( ikkje vedtak) 

1.1 Heimel for plan og verknad av planen/forholdet til plansystemet
1.2 Tilhøvet til særlov/føresegner til bygningsloven/byggeforskrifta (kor uttømmande er føresegna, skal ein ha saksbehandlar instruks/sjekkeliste for byggeforskrift i eigen informasjon osv) Kor mykje ein skal/bør vise til av gjeldande lov i føresegnene er uklårt
1.3 Ordforklaring/definiasjonar – utan rettsverknad
1.4 Tilhøvet mellom ny kommuneplan  og eldre reguleringsplanar
1.5 Brukarvegledning 

Ny side:

DEL 2 FØRESEGNER  (Bruk med måte i 1. generasjonsplanar, minimalt, helst ikkje retningsliner (NB retningsliner skal vera i planbeskrivelsen)  

Generelt: 

2.1 Definisjonar -  bruk minst mogeleg eigendefinerte omgrep,  vis til lova, men gjer greie for lokal definisjon og bruk av omgrep som kjem i tillegg til lova og som vert nytta seinare i føresegna, eksempel , naust bruk, universell utforming, den funksjonelle strandsona, tiltak i landbruket, fritidsbustader – vise til dokument der det er definert eller eigen definisjon, skrive fullt ut om det er mogeleg. 

2.2 Reguleringsplanar som skal gjelda Gjer greie for kva reguleringsplanar som fortsatt skal gjelda, eventuelle avvik, korleis ein skal forholda seg til overstyring i samband med tilknytning til anna lovverk/føresegner/ som vert endra i planperioden. 

2.3 Generelle føresegner ( samle mest mogeleg i den generelle delen for å unngå gjentak under kvart føremål,  vurdera parkeringsvedtekter

Følg rekkefølgen i § 11-9 mest mogeleg. 

Arealføremål

Under desse spesielle føremåla (2.4 -2.11) er det også aktuelt å nytte heimel gitt under generelle føresegner Følg inndelinga i lova og kartforskrifta. Bruk same omgrep. Tilvis til heimel (paragraf)  og nummerer (men ikkje med paragrafteikn)  Vis til nummer på kart når det gjeld område. Utfordring å vise offentlege føremål, strandsone, byggegrense, naust. Estetikk viktig å integrera, universell utforming kan vera dekka i forskrift. 

2.4 Føresegner til bygg og anlegg
2.5 Føresegner til samferdselanlegg
2.6 Føresegner til grønnstruktur
2.7 Forsvaret
2.8 Landbruks- natur og friluftsområde2.9 Bruk og vern av sjø og vassdrag til tilhøyrande strandsone 

Omsynssoner

Bruk omsynssone med måte, velg det viktigaste og det som blir bruk for i ettertid, planbeskrivelse skal også gje føringar, utfordring å vise gjeldande planar. 

2.10 Omsynssone føresegner
2.11 Omsynssone c – retningsliner, vurdere forholdet til sektorlover

 

Motsegner

Fylkeskommune, nabokommune eller statleg fagmynde kan fremje motsegn (innsigelse) til kommunale planar, jfr. § 5-4 til 5-6 i Plan- og bygningslova:

«Berørt statlig og regionalt organ kan fremme innsigelse til forslag til kommuneplanens arealdel og reguleringsplan i spørsmål som er av nasjonal eller vesentlig regional betydning, eller som av andre grunner er av vesentlig betydning for vedkommende organs saksområde».

https://www.regjeringen.no/no/dokument/dep/kmd/veiledninger_brosjyrer/2009/ny-versjon-lovkommentar-til-plandelen-i-/kapittel-5-medvirkning-i-planleggingen-/-5-4-myndighet-til-a-fremme-innsigelse-t/id556754/

Rundskriv T-2/16 frå Klima- og miljødepartementet 10.06.2016 gir føringar for kva som skal være grunnlag for å fremme motsegn i plansaker.

I Hordaland fylkeskommune er det Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) som gjer vedtak om motsegn i ei plansak etter innstilling frå fylkesrådmannen.

Dei fleste motsegnsaker vert løyste lokalt. Kommunal- og moderniseringsdepartementet handsamar motsegner der det ikkje er vorte semje etter mekling hos fylkesmannen. 

Det er eit mål å unngå motsegn frå regionalt nivå.  Kommunane kan gjennom god dialog redusera omfanget av motsegnene gjennom å vera merksam på forhold som kan utløyse motsegn.  Generelt bør detaljplanar vera i samsvar med overordna plan. 

https://www.fylkesmannen.no/Hordaland/Plan-og-bygg/Arealforvaltning/Motsegn-mekling-og-klage/

Konsekvensutgreiing

Kapittel 4 i plan og bygningslova omhandlar generelle utgreiingskrav for planlegging.

For regionale planar og kommuneplanar med retningsliner eller rammer for framtidig utbygging og for reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal planskildringa gi ei særskild vurdering og skildring - konsekvensutgreiing - av planens verknader for miljø og samfunn. (Pbl. § 4-2)

Etter forskrift om konsekvensutgreiingar skal revisjon av kommuneplanens arealdel og kommunedelplanar med område for utbyggingsføremål alltid handsamast etter forskrifta. Dette inneber at det ved oppstart av planarbeidet må utarbeidast eit planprogram som er i samsvar med krava i § 5 i forskrifta. 

For alle regionale planar og kommuneplanar, og for reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeidast eit planprogram som grunnlag for planarbeidet.

Plan- og bygningslova kap. 4

Forskrift om konsekvensutredninger

Meir om konsekvensutgreiing på Kommunal- og moderniseringsdepartementet si nettside om planlegging.