Kommunal planstrategi

Etter krava i plan- og bygningslova skal kommunane utarbeida planstrategi første året etter val av nytt kommunestyre. Føremålet er å klargjere kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra for ei ønskt utvikling. Kommunane skal ta stilling til om det er behov for å revidere kommuneplanen. 

Oppdaterte kommuneplanar er viktig for å fremja berekraftig regional utvikling. Fylkeskommunen oppfordrar kommunane i Hordaland til å revidera kommuneplanen, samfunnsdel og arealdel, i samsvar med plan- og bygningslov,  nasjonale forventningar og synspunkta frå fylkeskommunen.

Synspunkt frå Hordaland fylkeskommune til kommunal planstrategi

Regionale plantema som bør følgjast opp i kommunane si planlegging er klima og energi, folkehelse, attraktive senter og senterstruktur, samordna areal- og transportplanlegging, samferdsle og infrastruktur, natur og landskap, kultur, næringsutvikling, og kompetanse/opplæring.  Dette er utdjupa i brev til kommunane 22.02.2016 (sjå lenke under)

Brev til kommunane med synspunkt til kommunal planstrategi

Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging

Veileder om kommunal planstrategi

Samordning med regional planstrategi

Arbeidet med kommunal planstrategi vil pågå parallelt med regional planstrategi og dei to prosessane skal påverka kvarandre.

Regional planstrategi

Interkommunalt planarbeid

Det kan vere føremålstenleg å samordna planlegginga over kommunegrensene, til dømes for felles sjøområde. Avklaringa av interkommunalt planarbeid er også relevant for regional planstrategi.